Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / 206 verva på ein time...
Studentar mot EU og Vigdis Hobøl

Organisasjonskonsulent Vigdis Hobøl deler ut premie til Studentar mot EU, som var vinnarane i organisasjonscupen. Studentane var heilt overlegne i kategorien opne debattmøte.

206 verva på ein time på landsmøtet

For andre år på rad sette Nei til EUs landsmøte av tid for ein verveinnsats.

Delegatane vart utstyrte med ringelister og sette i gang. I løpet av ein knapp time hadde 206 personar takka ja til tilbodet om medlemskap i Nei til EU. Dermed klarte landsmøtet å slå rekorden frå landsmøtet 2009, der 200 nye medlemer vart verva i løpet av lunsjen.

På landsmøtemiddagen vart det delt ut premiar til vinnarane i årets vervekampanje. Beste vervar var i år, som i fjor, Jon Bolme frå Møre og Romsdal, som verva 68 nye medlemer . Regionssekretær Karl-Sverre Holdal fekk også spesiell omtale for sitt imponerande ververesultat, men kunne som tilsett ikkje vere med i konkurransen. 

Beste fylke i vervekonkurransen på landsmøtet var Møre og Romsdal og beste enkeltvervar var Linn Hemmingsen frå sentralstyret som verva 16 nye medlemer.

Jon Bolme frå Møre og Romsdal var vinnaren i årets vervekonkurranse.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook