Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Aktivisten: Toril Mong...
Toril Mongstad

Aktivisten: Toril Mongstad

Standpunkt vil bli betre kjend med aktivistar og tillitsvalde. Frå Standpunkt 1-2016.

Namn?
Toril Mongstad.

Bustad?
Lindås.

Alder?
61.

Verv i Nei til EU?
Nestleiar og styresekretær i Hordaland Nei til EU, styremedlem i Bergen Nei til EU.

Yrke?
Ikkje yrkesaktiv.

Når og kvifor melde du deg inn?
Har vore medlem i om lag fire år, melde meg inn fordi saka er viktig og det trengs ei motmakt til det politiske fleirtalet.

Kva er den største utfordringa for Nei til EU no?
Den største utfordringa er å få fram kva som skjer politisk. Folket seier nei framleis, men regjeringa og det politiske fleirtalet arbeider aktivt for å få oss mest mogeleg EU-tilpassa. Det må formidlast kunnskap om kva som går føre seg, og det er også ei stor utfordring å få på plass eit alternativ til EØS-avtala.

Korleis kan Nei til EU nå breiare ut i ditt fylke/di kommune?
Ved å få fleire aktive lokallag og lokallagskontaktar. Ved å etablera samarbeid med andre nei-folk, det vera seg i politikken, i fagrørsla og i andre organisasjonar som har eit nei-standpunkt. Satsa på meir og betre formidling av nei-saka. Syna kva påverknad EU og EØS-avtala har i den daglege politikkutforminga. 

Har du eksempel på vellukka Nei til EU-arbeid?
Ja, medlemsverving og gjenverving gjev resultat. Å formidla kunnskap ved å stå på stand tener også saka godt. 

Kva type aktivitet likar du sjølv best?
Eg likar det meste av det arbeidet me held på med, og kan trekkja fram verving, telefonisk eller direkte, som ein av dei aktivitetane eg tykkjer godt om.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook