Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Arbeidsplandebatt på l...
© CC BY 3.0: Vincent van Zeijst

Utsikta frå landsmøtehotellet! Landsmøtet 2015 skal føregå i svært flotte omgjevnadar. 

Arbeidsplandebatt på landsmøtet: – Vi sjåast i Svolvær

– Det er viktig å bygge vidare på EØS-oppropa, seier Ådne Naper, leiar i arbeidsplannemnda. 13.–15. november er det landsmøte i Lofoten. Artikkel frå Standpunkt 4-2015.  

Det er ein viktig verdi for organisasjonen å bruke heile landet. Difor er det Lofoten og Svolvær sin tur å ha landsmøte i år. Landsmøtet blir på Thon Hotel Lofoten, på kaikanten i Svolvær hamn. Hurtigruta legg til like ved, og det er god utsyn over Vestfjorden og flotte, spisse fjell.

Som vanleg er arbeidsplanen ei av dei viktigaste sakene på landsmøtet. Standpunkt har snakka med nestleiar Ådne Naper, som leiar arbeidsplannemnda i år.

Vil byggje EØS-satsinga vidare

I juli sende arbeidsplannemnda ut eit første framlegg til arbeidsplan, og organisasjonen fekk frist til 10. september med å kome med innspel .

– Kva er nytt i framlegget til arbeidsplan for 2015-2016?

– Vi forsøker å lage ein meir konsis arbeidsplan for 2015 og 2016, som er ein klarare arbeidsinstruks for styret og organisasjonen. Vi vil også føreslå ein ny struktur, som har som mål å leggje til rette for ei oppdeling i eit prinsipprogram og eit arbeidsprogram i framtida, seier Naper.

Mange organisasjonar opererer med ei slik deling. Prinsipprogrammet er meir varig, medan arbeidsprogrammet er fokusert på konkrete oppgåver og vert laga nytt for kvar periode.

– I 2015 har EØS-kampanjen starta, med underskriftskampanje som eitt element. Korleis vidarefører arbeidsplanframlegget EØS-kampanjen?

– EØS vil framleis vere eit prioritert satsingsområde i denne arbeidsplanen. No er det viktig å byggje vidare på EØS-oppropa, seier han.

I vår lanserte Nei til EU det faglege oppropet, og i august vart det folkelege oppropet med underskriftskampanjen lansert.

– Korleis vi konkret vil føreslå å gjere dette står att å sjå. Vi ventar konkrete framlegg frå fylka på dette, ut frå kapasitet og interesse, seier han.

Meir realisme

– Arbeidsplanframlegget ser ut til å legge seg på eit meir nøkternt og realistisk nivå enn vi kanskje har sett nokre gongar før. Har de hatt mykje fokus på slike spørsmål?

– Ja, og det tek eg som et kompliment. Det har vore mykje diskusjon om struktur og formål i arbeidsplanen. Denne diskusjonen kjem nok til å halde fram til vedtaket er gjort på landsmøtet. Personleg meiner eg at ei liste over prioriterte område nettopp må vere der fordi dei områda skal prioriterast i arbeidet, og ikkje berre verte nemnde eller lista opp som formalitetar. Dessutan risikerer vi å trivialisere arbeidsplanen som verkty om den er for omfattande.

– Kva utfordringar ser du for å lukkast med måla i arbeidsplanen?

– Hovudutfordringa for ein så stor og omfattande meiningsberande organisasjon som Nei til EU er å samle oss om prioriterte oppgåver, og gjennomføre desse frå månad til månad, år til år – om det så er ute i lokallaga eller AU sentralt. Men då må det vere kontinuitet i mål, tiltak og kapasitet i alle organisasjonsledda, seier Naper.

– Kva tiltak foreslår arbeidsplannemnda for å møte dei utfordringane?

– Det får vi meisle ut basert på innspel frå organisasjonen.

Naper fortel vidare at det har vore overraskande lite usemje i arbeidsplannemnda.

– Kva er prosessen vidare?

– No skal vi arbeide med innspela frå organisasjonen og revidere utkastet basert på desse og på dei eigne erfaringane til medlemene av arbeidsplannemnda. Deretter legg vi fram eit nytt framlegg for rådsmøtet før vedtak på landsmøtet.

– Har du nokre spesielle ønskje for landsmøtet?

– Eg håpar å få sjå litt av Svolvær, skal eg vere ærleg, ler Naper. 

– For at det blir konstruktive og gode politiske diskusjonar, tek eg for gitt, avsluttar han.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook