Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Brexit kan føre til ei...
Vote Leave No paperwork
© Vote Leave

Vote Leave og Grassroots Out på stand. 

Brexit kan føre til eit heilt nytt EU

Uansett om britane går ut av EU eller blir, vil EU bli noko anna enn det er i dag. Artikkel frå Standpunkt 3-2016.  

Den konservative parlamentsmedlemen Paul Scully trur EU vil endre seg, uansett om Storbritannia går ut eller ikkje.

– Britisk utmelding kan påverke EU på to måtar, som står i sterk motsetnad til kvarandre.

– Anten vert EU enda sterkare integrert. Det kan vere gode grunnar til det. Den einaste måten eurosonen kan fungere på, er om landa vert tettare integrert, seier han.

– Eller så kan konsekvensen verte at folk vil ut, både i Sverige, i Frankrike, i Nederland og andre land. Dei kan då kome til å krevje folkerøystingar. Eg trur at om Storbritannia går ut så blir det starten på ei fundamental endring for mange land, som vil føre til ein lausare union.

– Eg trur vi kan gå mot ei periode med EU versjon 2.0. Men om vi går ut av EU, vil det sjølvsagt vere opp til EU kva veg dei vel å gå vidare.

EU forandrar seg uansett
Scully meiner Brexit kan føre til tettare integrasjon. Men om britane vel å bli verande, meiner han det heilt sikkert vil føre til tettare integrasjon.

– David Cameron si reforhandling av medlemskapsvilkåra ga eit magert resultat, seier Scully

– Om vi vel å bli verande i EU, så veit EU-kommisjonen kva dei treng gjere for å klappe oss på hovudet og gjere oss nøgde. Det ville verkeleg vere tommelen opp for vidare integrasjon.

– Dette vil verkeleg vere farleg, og ein viktig grunn til at det det EU vi då seier ja til, ikkje er det same EU som eksisterer i dag.

– Det er veldig viktig å få fram at ei røyst for å bli i EU er ikkje det same som ei røyst for å ha det slik som i dag. EU er i endring. Tyskland har kome med eit dokument som skisserer vegen fram til ei EU-hær. Tyrkia, Albania, Serbia, Montenegro bankar på døra.

Alle spår om framtida
Paul Scully veit ikkje kva framtida vil bringe.

– Stadig fleire vil ha meir informasjon og meir fakta. Men det er eit problem at det eksisterer veldig lite fakta. Vi snakkar om kva som vil skje om 30-40 år. Og vi veit ikkje kva som vil skje då. Vi kan kome med våre beste spådomar, men det er også det EU-tilhengarane gjer.

Uansett korleis EU utviklar seg, vil Storbritannia samarbeide tett med EU-landa.

– Til sjuande og sist må vi samarbeide med alle landa, om miljø, tryggleik, handel. Alt dette vil vi, men vi treng ikkje gjere det lenka til eit politisk prosjekt.

Reformsnakk
Også Kate Hoey, parlamentsmedlem for Labour, meiner at EU vil rekne eit fleirtal for å bli i EU som eit klarsignal til meir integrasjon.

– Om vi blir verande så vil ikkje folkerøystinga påverke EU i noko særleg grad. EU vil halde fram i same retning som i dag, seier ho.

– EU-toppane vil snakke om reform, men der vil ikkje bli reelle endringar.

– Om vi går ut så vil det vere ein katalysator, anten for reelle endringar i EU, eller så vil andre medlemsland også kreve folkerøystingar. Eg reknar med at Nederland vil stå i første rekke for å ha folkerøysting.

Kate Hoey
© Sindre Humberset
Paul Scully MP
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook