Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Britisk debatt minne...

Kathrine Kleveland er i London og viser fram avisa The Sunday Telegraph, der innlegget hennar «The British public can overthrow the Brussels machine» var med. 

– Britisk debatt minner om 1994

– Ut av EU-kampanjen må kjempe mot skremselspropagandaen frå ja-sida, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU. Ho og ein delegasjon er i London for å studere den britiske EU-debatten.

Kathrine Kleveland og delegasjon frå Oslo Nei til EU møter begge dei to kampanjane for EU-utmelding, Vote Leave og Leave.eu. Dei har også møte EU-motstandarar frå både høgre- og venstre-sida, samt fagrørsla.

Søndag hadde Kleveland ein kommentar i den største EU-kritiske avisa i Storbritannia, The Sunday Telegraph. Kommentaren hadde tittel: «The British public can overthrow the Brussels machine».

– Den komande folkerøystinga om EU-medlemskap i Storbritannia vert følgt med stor interesse i Noreg, seier Kleveland.

– Det er ein debatt som vi i Noreg har ført i tiår og situasjonen i Storbritannia minner påfallande om det som hende i vår folkerøysting.

Skremselspropaganda

Kathrine Kleveland peikar på at spådomane frå den britiske ja-sida minner om det vi såg i EU-kampen i 1994.

– Confederation of British Industry (CBI) hevdar at tre millionar arbeidsplassar vil forsvinne om Storbritannia går ut av EU. I 1994 spådde NHO at 100 000 jobbar ville forsvinne om Noreg sa nei til EU.

– Denne spådomen kunne ikkje vore lenger frå realiteten. Arbeidsløysa gjekk ned etter folkerøystinga og har vore lågare enn i EU-landa kvart år sidan 1994.

Britiske EU-tilhengarar spår at utanlandske investeringar vil gå ned om britane går ut av EU. Det gjorde også NHO i 1994, men i staden auka utanlandske investeringar med fleire hundre prosent etter Noreg sa nei i 1994. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook