Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Britiske bønder vil ut...
Grisungar på Puxton Park i North Somerset i England.
© Lee (cc-lisens)

Grisungar på Puxton Park i North Sommerset i England.

Britiske bønder vil ut av EU

Landbruksorganisasjonar skremmer men 58 prosent av britiske bønder vil ut av EU, viser måling. Dermed går dei mot den største britiske landbruksorganisasjonen, som er for EU-medlemskap. Artikkel frå Standpunkt 3-2016

Meiningsmålinga, utført for bladet Farmers Weekly, viser at 58 prosent av bøndene ønskjer at Storbritannia skal gå ut, 31 prosent vil bli i EU og 11 prosent er usikre. Dermed er bøndene i utakt med organisasjonane sine, og framfor alt National Farmers Union (NFU), som er for EU-medlemskap.

– Positivt overraska
Stuart Agnew er medlem av EU-parlamentet for UKIP og er landbrukspolitisk talsmann for partiet. Standpunkt snakka med Agnew i London i mai.

– EU styrer britisk landbrukspolitikk gjennom Den felles landbrukspolitikken. Eg får stadig spørsmål om å kome og snakke om kva som skjer med britisk landbruk om vi går ut, fortel han.

– Eg har vorte positivt overraska over at bøndene er ganske jamt fordelt i spørsmålet. Meiningsmålinga til Farmers Weekly har rysta det britiske landbruksetablissementet i røtene. National Farmers Union held fast på at Storbritannia bør bli i EU. Den jamne bonde er slett ikkje overtydd om det er det beste. Bøndene er ikkje berre opptekne av det som skjer innanfor deira eige gjerde. Dei ser også på kva som tener heile Storbritannia.

Vurderer utmelding av NFU
National Farmers Union er den største britiske landbruksorganisasjonen, og dei er for EU-medlemskap, men andre landbruksorganisasjonar er nøytrale.

– Far min var bonde. Det var det eg skulle verte også. Eg hadde aldri trudd eg skulle verte medlem i EU-parlamentet. Det var det siste eg hadde trudd skulle hende med meg. I starten trudde eg at EU-medlemskapet var bra. Men i løpet av nittitalet las eg meir om saka og bytta standpunkt. Og det var grunnen til at eg melde meg inn i UKIP, fortel Agnew.  

– Eg er framleis medlem i NFU, men medlemskapen går ut i oktober-november, så eg må ta ei avgjerd. Eg mener dei har handla urett og kryssa ei line i mine auge, seier han.

– Om vi går ut av EU så vil eg tilgje og gløyme, for vi vil trenge dei til å danne ein ny landbrukspolitikk. Dersom vi blir verande i EU så kan eg ikkje halde fram med å gje pengar til ein organisasjon som står for det motsette av meg politisk.

Vil framleis få landbruksstøtte
Stuart Agnew fortel at det er uklart kva slags ordning som vil kome for landbruket utanfor EU.

– Der er uvisse. Vi kan ikkje seie sikkert kva som vil skje om vi går ut av EU. Men vi kan seie at der var subsidiar og støtte til bøndene før vi gjekk inn i EU, og det er ikkje berre i EU at landbruket får støtte. Minst 60 land i verda gjev støtte til landbruket. Mange har gunstigare støtteordningar enn det EU har, inklusiv dykkar eige land. Der er mykje skremselspropaganda frå EU-tilhengarane.

EU må passe alle
Agnew meiner storleiken er eit problem for EUs felles landbrukspolitik.

– Eit av problema med EUs felles landbrukspolitikk er at den må vere tilpassa til kommersiell reinsdyrdrift nord om polarsirkelen i Finland, til trekkoksar og treplogar på Middelhavsøyene, og til bønder i mine heimtrakter aust i England som brukar 550-hestars traktorar, seier han.

– I EU har ein 22 ulike språk og svært ulike tankar om dyrevelferd. Ein har ulike forventningar til inntekt, utdanning og teknologi. Det er rett og slett for stort. Og det blir større.

– Dei må forhalde seg til oss uansett
Agnew meiner Brexit vil verte ein vekkjar for heile EU. Han er ikkje redd for at Storbritannia vil verte stengd ute av EU-marknaden.

– Vi vil ikkje ha EØS-avtalen eller ein sveitsisk modell. Vi vil ha vår eigen modell. Vi er i den spesielle situasjonen at vi er deira største kunde, saman med det at vi er den femte største økonomien i verda. Dei kan rett og slett ikkje berre ignorere oss. Dei må forhalde seg til oss, uansett om dei vil eller ikkje.

– Der er rett og slett for mange jobbar i tysk bilindustri som er avhengige av at britane kjøper bilane deira. Der er for mange franske bønder som dyrkar druer og som er avhengige av at folk her i London kjøper vin. Der er for mange i Spania som har jobbar som avheng av at folk i Storbritannia kjøper frukt. Dei vil legge stort press på eigne regjeringar og på EU for å ikkje tulle med Storbritannia.

Positiv til EFTA
– EFTA har vore oppe som eit framlegg, og eg meiner det har mykje for seg. Det er ein anerkjend organisasjon som opnar for å handle fritt i EU og utanfor.

– EFTA har også handelsavtalar med tredjeland, som vi kan falle tilbake på. Vi kan bli med i EFTA og frå dag ein vil vi nyte godt av handelsavtalane som ligg på plass.

– Vi kan snakke for oss sjølv og det kan berre gjere samarbeidet med Noreg og andre tredjeland betre. I dag må relasjonen med Noreg gå gjennom EU, som er litt rart. Den næraste jernbanestasjonen til Shetlandsøyene er trass alt i Bergen.

Stuart Agnew MEP
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook