Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Bruk Kristeleg Folkeparti
Paneldebatt

Bruk Kristeleg Folkeparti

Overraskande støtte til KrF i panelet. Både RVs Torstein Dahle og Trygve Magnus Slagsvold Vedum fra Senterpartiet meiner Kristeleg Folkeparti vil ha ein nøkkelrolle som neiparti i opposisjon. Jon Lilletun plasserte seg i sentrum for debatten.

Oppmodinga frå neipolitikarane er klar: Når Senterpartiet, SV og neisida i Ap er bundne opp av regjeringssamarbeid vert KrF viktigare som neiparti i opposisjon.

Problemstillinga var kvifor ikkje lovnadane om ein meir aktiv europapolitikk har ført til ei oppblomstring av offentleg debatt omkring dei viktige EU- og EØS-sakene? Politikarpanelet på konferansen Europeisk motstand tok debatten, og det oppstod ei semje mellom dei fem EU-motstandarane i panelet på eit noko overraskande punkt.

Sats på KrF

Trygve Magnus Slagsvold Vedum er stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Hedmark slår an tonen.
– Bruk KrF! Regjeringspartia må ta mange av kampane internt, og difor treng vi opposisjonspartia for å få til eit offentleg ordskifte, seier han framfor eit overraska og lattermildt publikum.
Martin Henriksen frå Ap/AUF føljer opp oppmodinga frå Senterpartiet.
– Regjeringa vil ha ein open EU-debatt om dei sakene som dei meiner er til gode for dei sjølv. Regjeringa vil ta opp mange EU-saker, men neisida treng andre parti for å få opp debatt om dei sakene som er vanskelege for regjeringa. No skal eg seie noko eg aldri trudde eg kom til å seie: Eg set min lit til KrF, slår Martin Henriksen fast, til stor latter frå salen.
Torstein Dahle frå Raud Valallianse såg før valet for seg ei slik opposisjonsrolle for sitt eige parti, men slik gjekk det ikkje.
– KrF er viktige som opposisjonsparti mot EU, men vi skulle sjølvsagt ønskje at RV også kunne hatt ei viktig opposisjonsrolle dersom vi berre hadde kome inn på Stortinget, seier han.

Takkar for tilliten

Jon Lilletun frå Kristeleg Folkeparti takkar for tilliten frå dei andre nei-politikarane. Han kjenner godt dei særskilde utfordringane som kjem med fleirpartiregjeringar.
– Det er mykje bra i Soria Moria-erklæringa. Men gode erklæringar er ikkje automatisk praksis. Neisida burde ha god tilgjenge til den raud-grøne regjeringa gjennom to neiparti og ei stor neiside i Arbeidarpartiet. Men regjeringsarbeid er spesielt, og krev intern lojalitet. Difor er opposisjonspartia på neisida svært viktige. KrF kan brukast av neisida, men vi treng kunnskapstilfang, seier han som ei oppmoding til Nei til EU.
Den folkekjære KrF-veteranen plasserte partiet sitt heilt i sentrum av debatten, og illustrerte at neipartia Kristeleg Folkeparti og Venstre kan verte enda viktigare for Nei til EU og neisida i opposisjon enn som regjeringsparti saman med Høgre.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook