Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Det viktigaste argumen...
Sigrid Z. Heiberg og Hildegunn Gjengedal

Klare til innsats. Hildegunn Gjengedal (t.h.) og Sigrid Heiberg skal leie Nei til EU saman med leiar Heming Olaussen og nestleiar Torunn Kanutte Husvik

Det viktigaste argumentet er folkestyre

Standpunkt 1-2011:

Hildegunn Gjengedal og Sigrid Z. Heiberg er nye i leiinga i Nei til EU. Dei samlar seg om folkestyre som det viktigaste argumentet mot EU-medlemskap.

Nei til EU har fått ein ny nestleiar, Hildegunn Gjengedal, og eit nytt medlem i arbeidsutvalet, Sigrid Z. Heiberg. Standpunkt ville verte betre kjende med dei to og sidan Hildegunn Gjengedal er på reise i Sør-Amerika når dette vert skrive, intervjua vi dei begge på e-post.

Kva er ditt viktigaste argument mot EU?

Hildegunn: ‒ Mitt viktigaste argument mot EU er mangelen på folkestyre. Det er for lang avstand mellom dei som styrer og dei som blir styrte.

Sigrid: ‒ Det viktigaste argumentet når det gjeld spørsmålet om norsk medlemskap, er folkestyre. Men for meg personleg, var det solidariteten med fattige land og omsynet til miljøet som gjorde at eg engasjerte meg mot EU.

Erfarne damer

Hildegunn Gjengedal (42) var politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet i 2009 og 2010. Ho har også vore direktør for Landbrukets Brusselkontor i fire år. Ho har no permisjon frå ei stilling som internasjonal konsulent i Noregs Bondelag og er for tida i Sør-Amerika. Gjengedal er statsvitar, har journalistutdanning og har studert eitt år ved Senter for utvikling og miljø ved UiO. Hildegunn har vakse opp i Gloppen, men busett i Oslo.

Sigrid Heiberg (22) er frå Kaupanger, men busett i Oslo. Sigrid studerer samfunnsgeografi på Blindern. Ho har tidlegare vore reisesekretær og leiar i Ungdom mot EU. I dag sit ho i internasjonalt utval i Nei til EU og i styret i TEAM (the European Alliance of EU-critical Movements). Ho deltok i solidaritetsbrigade i El Salvador i 2010 og er aktiv i Latin-Amerika-gruppene.

Kva erfaringar og kompetanse vil de tilføre arbeidsutvalet?

Hildegunn: ‒ Eg håpar at mine fire år i Brussel og arbeidet med internasjonale saker i Noregs Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke kan vere eit positivt bidrag inn i arbeidsutvalet.

Sigrid: ‒ Eg har jobba aktivt i nei-rørsla i mange år gjennom Ungdom mot EU, og har mykje kunnskap om organisasjonen og om EU. Men eg har også reist mykje og vore aktiv i andre organisasjonar, så eg håpar eg kan bidra med nytenking og nye perspektiv.

 

Nei til EU i 2011

Både Sigrid og Hildegunn har ambisjonar for Nei til EU i året som står framfor oss.

Kva ser de fram til å gjere som nestleiar og AU-medlem?

Hildegunn: ‒ Eg ser fram til å engasjere meg endå meir i ei viktig sak saman med trivelege folk.

Sigrid: ‒ Eg gler meg til å jobbe med dei tinga eg brenn for, setje fokus på Schengen-avtalen, vinne miljødebatten og ikkje minst vere med og opplyse folk om EØS-avtalen. Det er alt for lite kunnskap og diskusjon om denne udemokratiske avtalen.

Kva utfordringar ser de for Nei til EU i året som kjem?

Hildegunn: ‒ Ei av dei største utfordringane blir å skape engasjement for EU-saka og vise at ho også er relevant for lokalvala.

Sigrid: ‒ Det er utallige EU-direktiv på veg, og mange av dei vil ha svært negative konsekvensar for samfunnet vårt. Skal me ha ein sjanse til å stoppe eitt av dei, må me verkeleg stå på.

Vart tidleg engasjerte

Når og korleis skjønte du at du var mot EU?

Hildegunn: ‒ Eg trur eg alltid har vore imot EU. Heilt sidan eg vagt hugsar at bilane i Breim køyrde rundt med «Nei»-klistremerke på bakruta i 1972.

Sigrid: ‒ Eg er oppvaksen med sau, hest og ku i ei lita bygd i Sogn, så det var ikkje noko å duse på. EU-skepsisen fekk eg inn med morsmjølka. Forøvrig skjønar eg litt betre for kvar dag som går kor viktig det er å jobbe mot medlemskap.

Sidan de begge er frå Sogn og Fjordane: Trur de at Sogn og Fjordane nokon gong vert eit ja-fylke? Kva må eventuelt til før folket i Sogn og Fjordane snur?

Hildegunn: ‒ Nei, det trur eg ikkje. Eg kan ikkje sjå føre meg noko no som kunne få folk i Sogn og Fjordane til å skifte meining.

Sigrid: ‒ Ein kan aldri vite kva framtida vil bringe, kanskje grisar kjem til å fly? Eg trur at for at folk i Sogn og Fjordane skal snu, som for resten av Noreg i grunnen, så må heile EU-konstruksjonen endre seg, og landbruks- og distriktspolitikken bli heilt annleis. Men i Sogn som i resten av distrikts-Noreg har me ein djup skepsis mot maktkonsentrasjon, sentralisering og styring ovenfrå og ned. Folk likar ikkje ein gong å få reglar frå Oslo, korleis vil dei då godta å bli styrt frå Brussel?

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook