Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Dystre utsikter for It...
Steinar Stjernø
© Sindre Humberset

Professor Steinar Stjernø gjorde greie for den kriseramma økonomien i Italia, og EU sine kuttkrav for Nei til EUs Råd.

Dystre utsikter for Italia

- Krava om kutt frå EU har vorte så store at dei ville undergrave eit kva som helst slags velferdssystem, sa Steinar Stjernø på Nei til EUs rådmøte 18. mars.

Steinar Stjernø, statsvitar og professor i sosialpolitikk, innleidde for Nei til EUs rådsmøte 18. mars. Tema for innleiinga var EU-krisa og Italia. Stjernø er mykje i Italia, og kjenner godt italiensk politikk og samfunnsliv.

- Det er ei fundamental skilnad mellom Nord- og Sør-Italia. Nord er som Nord-Europa. Det er høgproduktivt og sterkt eksportorientert. Men den sørlege delen har meir til felles med Hellas og til dels landa på andre sida av Middelhavet, fortalde Stjernø til Nei til EUs rådsmedlemer.

Italia har vore plaga med dårleg økonomisk vekst og utvikling over lang tid.

- Då krisa kom i 2008 auka arbeidsløysa i Italia og økonomien stagnerte. Gjelda var på om lag 100 prosent av BNP. Italia hadde klart å leve med dette, så vidt det var. Men då krisa kom, vart det uro omkring landet sine evner til å betale gjelda si, og då auka rentene, sa Stjernø.

- Dåverande statsminister Silvio Berlusconi gjennomførte drastiske kutt mellom anna for regionar og kommunar. Men marknaden hadde ikkje tillit til at Berlusconi kunne ordne opp. Velferdssystemet vart sveltefora, men rentene auka likevel. Dei første 40 mrd euro som vart spart inn vart umiddelbart etne opp av renteauken.

- I den grad vi kan seie at Italia har ein velferdsstat, så er den ubalansert. Dei har satsa på gode pensjonar, men gjort veldig lite for unge og har ein uhyre dårleg familiepolitikk. Den låge arbeidsdeltakinga blant dei eldre skuldast at dei tidlegare har førtidspensjonert dei eldre arbeidstakarane for å gjere rom for unge. Men det fungerte ikkje, sa Stjernø.

- Noverande statsminister Mario Monti leier ei såkalla teknokratregjering. Men dette er jo den regjeringa som har drive mest med politikk på mange år, på godt og vondt, sa Stjernø.

Handlingsromet til regjeringa er avgrensa av høgreside-fleirtalet i parlamentet og Monti er sjølv svært marknadsorientert. Men regjeringa freistar å føre ein meir solidarisk politikk på enkelte område.

- For første gong ser regjeringa på skattesnyteri som moralsk forkasteleg. Regjeringa seier no at dei som snyt på skatten stel brødet frå neste generasjon.

I Italia har mange sett nordover til EU som ei kraft som kan modernisere landet i strid med kyrkja, konservative kjønnsroller og umoderne industri.

- EU har kravd at Italia måtte modernisere pensjonssystemet. Eg har ikkje vore blant dei som beklaga det, då det italienske pensjonssystemet vore eit rote egg. Problemet var at pensjonsordninga vart finansiert ved at staten tok opp lån.

- Men no har krava om kutt vorte så store at dei ville undergrave eit kva som helst slags velferdssystem, slo Stjernø fast. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook