Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Eit balansert nei

Eit balansert nei

Gulen-ordførar Trude Brosvik er ikkje redd for at KrF skal snu i EU-spørsmålet. Handlefridomen utanfor EU er den viktigaste grunnen til EU-motstanden.

– Mitt viktigaste nei-argument er at vi mistar suverenitet ved å verte med i EU. Eg fekk meg ein vekkar under miljøforhandlingane i Johannesburg. Noreg var ikkje bundne av EUs felles stemme og kunne forhandle uavhengig.

EU-landa var bundne opp av EUs vedtekne politikk, og dei kom til den norske delegasjonen for å få hjelp til å fremje sine saker, seier Trude Brosvik.

Den engasjerte ordføraren meiner Noreg absolutt har ei rolle å spele som eit land uavhengig av EUs felles utanrikspolitikk.

– Vi bør ikkje verte knebla av EU, seier Brosvik.

– Eit anna argument er at EUs felles pengepolitikk vil ta frå oss sjansen til å bruke finanspolitikken for til dømes å gjere noko med arbeidsløysa. Sidan vår økonomi er oljeavhengig, og EU sin ikkje er det, vil tiltak EU set i verk, og som vi då må rette oss etter, verke motsett i norsk økonomi, seier ho.

Kva slags konsekvensar trur du ein eventuell medlemsskap vil få for Sogn og Fjordane og Gulen, din kommune?

– Eg trur det er ikkje liv eller daude for Gulen. Men eg trur ein EU-medlemskap vil forsterke den allereie sterke sentraliseringa vi opplever, seier Trude Brosvik.

– Men for meg er det ikkje svart eller kvitt. Det er ikkje alt som er gale med EU. Fiskeoppdrettsnæringa vil kanskje tene på EU-medlemskap. Men på den andre sida er landbruksnæringa viktig for Sogn og Fjordane, og bøndene vil ikkje få ei god framtid i EU.

Brosvik er uroa for framtida til distrikts-Noreg dersom vi skulle verte EU-medlemer. Ho meiner småskalalandbruket vil få det tøft med EUs landbrukspolitikk der grensene er heilt opne for matvarer.

– EU-medlemskap vil føre til sterkare sentralisering også for Sogn og Fjordane. Eg meiner sentraliseringa er sterk nok som ho er i dag, seier Brosvik.

Sjølv om ho meiner oppdrettsnæringa kan ha fordelar av EU-medlemskap, så vil resten av fiskerinæringa få problem.

– Omsynet til fiskeria er eit viktig nei-argument for meg. EU har ikkje forvalta fiskeressursane sine godt. For Noreg er fiskeria den største eksportnæringa etter oljenæringa, og noko vi skal vi leve av i åra framover, seier ho.

Kva meiner du er den største utfordringa for nei-sida framover?

– Det er viktig at neisida har ein kunnskapsbasert og nyansert argumentasjon. Det er ei utfording for neisida å både vere klare i argumentasjonen og samtidig vere nyanserte.

Det er mange som meiner det både er fordelar og ulemper med ein EU-medlemskap og den gruppa vinn ein ikkje med dei gamle einsidige slagorda.

Under EU-kampen i 1994 var Trude Brosvik aktiv i Nei til EU, men hovudsakleg dreiv ho EU-motstand gjennom KrF.

– Vi hadde eigne møte og retta argumentasjonen mot våre eigne medlemer, og vi stod på stand, seier Brosvik.

Brosvik er slett ikkje uroa for at KrF skal verte eit ja-parti.

– Det er eit veldig sterkt neifleirtal i KrF i Sogn og Fjordane. Og det er heller inga gliding i KrF i EU-saka på landsplan, seier ho.

I helga 5. – 6. november hadde KrF landsstyremøte. På førehand hadde KrFs Europautval lagt fram ei delt innstilling på EU-spørsmålet. Men i landsstyret var der lite tvil om kva resultatet måtte verte.

– Landsstyret gav eit klart råd til landsmøtet i 2005 om eit tydelig nei til EU-medlemskap. Det var berre ein eller to EU-tilhengarar på møtet så det var knapt debatt om sjølve EU-standpunktet, fortel ho.

Berre to røysta mot framlegget om at KrF skal vere mot å søke om EU-medlemskap også i neste stortingsperiode.

Trude Brosvik (43) er inne i sin andre periode som ordførar i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho er sentralstyremedlem i KrF. Elles driv ho eit gardsbruk saman med mannen. Før ho vart ordførar var ho også kyrkjeverje. Intervjuet er henta frå jubileumsavisa til Nei til EU november 2004.

Av Sindre Humberset
Foto: Ytre Sogn Avis

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook