Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Enkelt å få underskr...
© Johan Petter Andresen

Grünerløkka. Lokallaget samla 37 underskrifter på tre timar. Jubileumsutstillinga trakk folk til standen. 

– Enkelt å få underskrifter

Oslo Nei til EU har til no samla 1226 underskrifter (1266 per 2016), og er det fylket som har samla flest. Leiar Kjell Dahle har planar om å samle mange fleire. Artikkel frå Standpunkt 1-2016. 

Underskriftskampanjen UtavEOS.org passerte 10 000 akkurat i tide til Nei til EUs landsmøte i november. Kjell Dahle, leiar i Oslo Nei til EU, er ein av entusiastane som driv arbeidet med kampanjen framover.

– Vi har hatt ein del dagar med underskriftsinnsamling på gater og torg, både fylkeslaget og i bydelane. Lokallaget på Grünerløkka har vore særleg aktivt. Vi har hatt møte med LO i Oslo, som bidreg til innsamling blant fagorganiserte. Her er også våre eigne faglege utval viktige, seier Dahle.

– Underskriftslistene er med på alle våre møte. Et eige kampanjeutval har gjort sitt for å kome i gang. I starten kalla vi inn til mobiliseringsmøte. Vi kunne ønskt oss fleire møtedeltakarar, men vi fekk mint alle medlemer på aksjonen. Og dei som kom, bidrog til at fylkesstyret langt frå vart åleine om jobben. Det opne julebordet vårt brukte vi også til å minne de oppmøtte om å samle inn underskrifter. Det finst ikkje gratis måltid!

– Opplever de at det er vanskeleg å samle inn underskrifter?

– Nei! Det er berre å setje i gang.

37 underskrifter på tre timar

Johan Petter Andresen er aktiv i lokallaget på Grünerløkka. Ein laurdag i november stod han på stand på Olaf Ryes-plass.

– I strålande solskin sette eg opp de 12 «roll ups» som utgjer Løkkalaget si utstilling «Grünerløkka 1814 til EØS». Og dei stod der i litt over tre timar. Det var verkeleg mange folk som stoppa opp og las en, to, tre, eller alle plansjane. Kanskje to hundre stoppa opp og las. Eg sat ved eit bord på enden og samla inn underskrifter mot EØS og delte ut Standpunkt, fortel Johan Petter Andresen.

– Det vart 37 underskrifter, som eg skreiv inn på UtavEOS.org. Og då passerte vi 10 000 underskrifter.

Vil bruke sosiale media

Kjell Dahle fortel at Oslo har planar om å trappe opp underskriftsinnsamlinga.

– Vi hadde nettopp eit møte i kampanjeutvalet der utnytting av sosiale media var eige tema. Her har vi ikkje vore flinke nok, og ungdomen bør sørge for å gje organisasjonen eit solid dytt i ryggen. Over nyttår skal vi få utnytta bydelskontaktane våre mykje betre enn til no. Denne kampanjen er ikkje noko sprintløp, seier Kjell Dahle, som også har gode historier om arbeidet for å samle underskrifter.

– Det var jo ein fornøyelse under aksjonsdagen mot TISA og TTIP i Oslo då folk tok til å køe opp for å skrive under. Dei hadde forstått på Nei til EU-vest og underskriftsbrett kva eg heldt på med. Det same med streikande bryggearbeidarar og stolte bryggesjauarfruer som samla seg på Karl Johan valkamplaurdagane. Dette var folk som visste utmerka godt kva EØS handla om, og skreiv under med begge hendene! Får ein los på slike folk under ein underskriftsaksjon, er det berre å bevege seg bort frå tilfeldige forbipasserande. 

– Har du tips til andre som skal samle underskrifter?

– På stand og på store møte gjeld det å gå rett på sak og be folk om å skrive under mot EØS. Ikkje nokre dikkedarar. Det desidert beste er å få underskrifta på staden, anten på papir eller om mogleg aller helst på eit nettbrett. Uansett kor pålitelege du trur folk er, er faren stor for at dei gløymer å følgje opp når dei kommer heim, seier han.

– Med folk du kjenner, får du tenkje ut kva du trur funkar best i det enkelte høvet. Og i meir festlege samanhengar kan dei små visittkorta frå Nei til EU med nettadressa utaveos.org vere greiast å bruke. Når nokon spør deg om Nei til EU er aktive for tida, har du eit fint påskot til å drage eit kort opp av skjorte- eller jakkelomma.

EØS høgre på dagsordenen

– Kva ser du for deg at Nei til EU skal bruke underskriftene til?

– Mye av vitsen er å minne folk på EØS-saka. Kvar gong vi utfordrar nokon, har vi fått EØS litt høgre opp på dagsorden. Vegen til utmelding er ikkje enkel. Men dess fleire underskrifter vi har, dess freidigare kan vi fremje utmeldingskravet vårt i debatten. Og blir det veldig mange underskrifter er brått folkerøysting om EØS eit realistisk alternativ! Berre husk at underskriftene vert samla ei og ei. Difor tel både små og store innsatsar.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook