Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / EØS: Politisk thriller...
Paneldebatt på landsmøtet
© NtEU

Debattantane var Trygve Slagsvold Vedum (SP), Karin Andersen (SV), Nikolai Astrup (Høyre), Morten Høglund (FrP), Thomas Breen (AP), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Bjørnar Moxnes (Rødt) og Rolf Nesheim (Venstre).

EØS: Politisk thriller i stortingsvalet 2013

For første gang på mange år møttest topp-politikarar fra heile åtte parti for å diskutere EU og EØS. Paneldebatten var starten på Nei til EUs landsmøte 2012.

Debatten om EØS kan verte ein politisk thriller i stortingsvalet 2013, og partia tok debatten på Nei til EUs landsmøte.

Vil seie opp EØS-avtalen

Både Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet, Karin Andersen frå SV og Bjørnar Moxnes frå Raudt ønskjer å seie opp EØS-avtalen og erstatte den med ein handelsavtale.

- Det er høgrepolitikk som kjem gjennom EØS, og difor ser vel Høgre ikkje behovet for veto, sa Karin Andersen, som heller ikkje kan tru at EU ville sjå ein handelsavtale som noko negativt. 

Trygve Slagsvold Vedum meiner det har opna seg eit rom for å diskutere EØS-avtalen.

- Noko av det mest gledelige i den siste perioden er at vi kan diskutere innhaldet i direktiva. Det er viktig at vi får inn folk på Stortinget som tør å stille spørsmål ved dårlege direktiv frå Brussel, sa han.

Bjørnar Moxnes vil også kvitte seg med EØS.

- EØS er ein husmannsavtale som tek frå Noreg handlefridomen. Avtalen gjer det også vanskeleg å kjempe mot sosial dumping.

- EØS-måling viser at det er stort misforhold mellom folket og Stortinget.

Ingen EØS-debatt i Ap

Trass i den aukande EØS-debatten trur ikkje Thomas Breen at EØS vert ei viktig sak i Arbeiderpartiet sin programprosess.

- Det er ingen EU- og EØS-debatt i Arbeiderpartiet. Det har ikkje kome inn framlegg om EU eller EØS til vårt programarbeid. Eg oppfattar det slik at innanfor Arbeiderparetiet så er vi alle for EØS-avtalen, uansett om vi er for eller mot EU-medlemskap.

Breen fortalde også at han er for EU, men mot norsk EU-medlemskap

- Eg meiner det er naivt å tru at vi kan få ein betre avtale med EU enn EØS-avtalen vi har i dag. Arbeiderpartiet vil kjempe for å behalde EØS-avtalen.

Oppdatere EØS

Frps Morten Høglund var samd med Breen i at EØS-avtalen må bevarast.

- Eg meiner vi må oppgradere og oppdatere EØS. Eg meiner det framleis er viktig å halde på essensen i avtalen. På same måte som i Arbeiderpartiet opplever eg lite engasjement om EØS i programprosessen.

Høglund synest heller ikkje det er eit problem at meiningsmålingane viser at dei borgarlege veljarane heller vil ha handelsavtale enn EØS.

- Vi oppmodar dei av våre medlemer som ønskjer at Frp skal endre politikk på dette, engasjerer seg i partiet og i programprosessen.

Høglund utfordrar også Sp og SV, dersom dei skulle vinne valet neste år.

- Vil Sp og SV gå inn i ei Soria Moria III som baserer seg på EØS? Det er det viktig å få avklart før valet.

Prinsipielt standpunkt

Kjell Ingolf Ropstad frå KrF ser heller ikkje problemet med at veljarane deira heller vil ha handelsavtale.

- Vi lagar ikkje politikk etter meiningsmålingane. Vi er mot EU, men for EØS. For oss er vårt EU-standpunkt eit prinsipielt standpunkt. Vi vil utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen.

Rolf Nesheim frå Venstre står på partiet si linje.

- Per i dag oppfattar Venstre seg som eit neiparti. Om eg freistar meg på ein spådom, så trur eg det vil halde fram også etter landsmøtet i 2013. Vi vil halde på EØS-avtalen, men er glade for at Nei til EU har drege fram denne debatten.

Vil ha EU-medlemskap

Høgres Nikolai Astrup vert ikkje i tvil om EU-standpunktet sitt sjølv om EU er i krise.

- Forpliktende internasjonalt samarbeid er viktig og har ikkje vorte mindre viktig med EU-krisa. Vi ser mange utfordringar som må løysast i fellesskap. Og vi har mykje å bidra med. Kvifor ikkje ha ambisjonar om å bidra meir på det kontinentet vi er ein del av?

Astrup kan også avlive myten om at vi må ha EØS for å få selt varene våre til EU.

- Ja, vi vil sjølvsagt selje varene våre, men ikkje til like vilkår. Det må vi vere i den indre marknaden for å få.

Han vart også utfordra på om reservasjonsretten er reell, sidan Høgre er det einaste partiet som aldri har gått inn for å bruke retten.

- Reservasjonsretten er reell, men den må brukas med omhu. Og der er neisida ute og raslar med sabelen i tide og utide.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook