Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / EØS XL
EØS som en tvangstrøye
© Pål Hansen alias UKRUT.no

EØS XL

EU har stadig nye ess i ermet. No vil Ministerrådet ha heile EØS-avtalen inn på teppet.

2011 kan bety slutten på EØS-avtalen som vi kjenner han. Det er ikkje berre Nei til EU og ein og annan stortingspolitikar og interesseorganisasjon i Noreg som meiner EØS-avtalen er fullmoden for revisjon. Også Ministerrådet i EU har varsla nye takter.

I konklusjonane etter Ministerrådsmøtet 14. desember 2010 blir det uttrykt ønske om full gjennomgang av avtalen. Det blir vist til at både Noreg og Lichtenstein er inne i evalueringsprosessar og at ein ønskjer tilsvarande i EU. Ministerrådet skisserer ein meir omfattande EØS-avtale der fleire samarbeidsområde er inkluderte. Rådet stiller også spørsmålsteikn ved om regelverket for den indre marknaden er tilstrekkeleg harmonisert på tvers av EU- og EFTA-land, og om det er muleg å gjera ei «oppdatering og forenkling» av implementeringsprosedyrane.

Heming Olaussen
© Thomas Vermes/ABCNyheter

EØS-nisse på lasset

TIlnærminga til EU peikar i retning av eit EØS Extra Large. Det var konklusjonen på styremøtet til Nei til EU i januar. I ei fråsegn frå møtet blir det åtvara mot enda sterkare innslag av politisk husmannskontrakt og svekt demokrati i Noreg. Fråsegna framhevar også at den noverande EØS-avtalen uansett står for fall.

‒ Eg er uroa for ei enda sterkare straumlineforming av norsk EU-tilpassing, seier Heming Olaussen, leiaren i Nei til EU.

Når EU uttrykkjer at dei vil ha ein meir automatisert avtale, tolkar Olaussen dette som ein mindre demokratisk avtale. Med dagens praksis er det slik at Stortinget handsamar alt av EØS-regelverk som kjem frå Brussel, og leiaren i Nei til EU er redd ei endring her vil verke utvidande på EØS-avtalen. Især sidan EU har gått vekk frå den såkalla søylestrukturen sin.

‒ EU lagar no meir samansett regelverk som omfattar fleire sektorar. Det gjer at Noreg må svelgje ting som i utgangspunktet ikkje høyrer heime i samarbeidet om den indre marknaden. Resultatet er at mykje som vi aldri har sagt ja til, likevel blir med som nissen på lasset, meiner han.

Ingenting nytt frå EU

Men det ser ikkje ut til å vera grunn til frykte noko frå EU med det første. Martin Skylv, ambassaderåd ved EU-kommisjonen sin delegasjon til Noreg, seier det så langt ikkje har skjedd noko i saka. Han kan elles opplyse om at det er European External Action Service (EEAS), avdeling for Vest-Europa, som skal stå for arbeidet.

Dag Seierstad, styremedlem og tidlegare utgreiingsleiar i Nei til EU, er relativt avslappa. Han seier han ikkje vil ta sorgene på forskot, men kan skissere eit par scenarier.

‒ Dei kan koma til å utfordre reservasjonsretten vår. Gro og andre på ja-sida sa i 1992 at denne kunne nyttast, men det har aldri EU sagt, påpeikar han.

Seierstad presiserer likevel at det vil vera svært vanskeleg å fjerne denne formelle retten. Det vil eventuelt krevje ei grunnslovendring, ettersom § 93 seier at Stortinget ikkje har høve til å avgi makt til internasjonale organisasjonar vi ikkje er medlemmar av. Det er derfor liten grunn til uro, meiner Seierstad.

‒ Vi er raske til å implementere. Og til no har alle direktiv vorte godkjent. Så veldig plundrete kan det ikkje ha vore for EU, konstaterer han.

Ei anna mulegheit er at EØS skal omfatte fleire saksområde. Mulege felt er sosialpolitikk, skattepolitikk eller utvida handel med landbruksvarer. Seierstad minnar om at Veterinæravtalen i 1998 vart underlagt EØS-regelverket.

‒ Men kvifor skal norske politikarar godta slike utvidingar av avtalen?

‒ EU har tidlegare skremt med forseinking av fiskeeksporten vår. Elles er det jo ein del ja-folk som gjerne implementerer alt som kjem frå Brussel.

Klima for samarbeid

Ulf Sverdrup, sekretariatsleiar for Europautredningen og elles statsvitar og forskar, har heller ikkje konkrete svar på kva som kjem til å skje. Han minnar om at EU, i følgje vedtaka frå Ministerrådet, er tilfredse med EØS, og utrykkjeleg seier at dei vil halde fram samarbeidet. Han trur ikkje EU vil forsøke å vera vanskelege, og avviser kontant at vetoretten skulle bli utfordra.

‒ Det vil i så fall innebera ei reforhandling av hovuddelen i EØS-avtalen, noko som hittil ikkje har skjedd. Skulle denne endrast, må avtalen på nytt godkjennast i alle EØS-landa, peikar han på.

Sverdrup meiner energi, klima og nordområdepolitikk er sannsynlege område å intensivere samarbeidet på. EU nemner sjølv desse i sine konklusjonar, og Sverdrup oppfattar at det er stor politisk vilje i Noreg til å samarbeide rundt slik spørsmål. Ministerrådet nemner også auka handel med landbruksvarer som eit muleg intensivert samarbeidsområde, men her er Sverdrup tvilande.

‒ Sidan EØS-avtalen pålegg Noreg å diskutere eit utvida landbrukssamarbeid med jamne mellomrom, nyttar EU høvet til å minne om det. Men dette er kontroversielt, og det er ikkje tilstrekkeleg politisk vilje i Noreg til å gå med på det, spår han.

Vakn opp, nei-parti!

Nei til EU arbeider med å få svar på kva som vil koma frå EU si side. Gjennom prosjektet Alternativ til dagens EØS-avtale er representantar for unionen utfordra til å koma og fortelje kva som eigentleg er meint med vedtaka, men både EU-kommisjonen i Brussel og EU-ambassadøren i Oslo har takka nei til dette. Heming Olaussen er oppgitt.

‒ Avslaga styrkjer vår mistanke om at det her er ugler i mosen. Vi er redde for ein lukka prosess mellom EU og det politiske etablissementet i Noreg, i staden for ein open og opplyst debatt. Stortinget og dei politiske partia må utfordre EU på kva det er dei eigentleg tenkjer. I denne saka treng vi ein vaken opinion og vakne nei-parti, konstaterer Olaussen.

Bakgrunn

Vil ha EØS XL

Ministerrådsmøtet 14. desember 2010 vil ha full gjennomgang av EØS-avtalen. EU vil ha undersøkt om «EU interest is properly served by the existing framework of relations or alternatively by a more comprehensive approach, encompassing all fields of cooperation and ensuring a horizontal coherence.»

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook