Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / EU/EØS-minister Vidar...

Vidar Helgesen talte til landsmøtet i Nei til EU. 

EU/EØS-minister Vidar Helgesen opnar dag to av landsmøtet

Ein sporty Vidar Helgesen stilte opp tidleg søndag morgon for å debattere med landsmøtet i Nei til EU. 

– Eg er glad for engasjementet som Nei til EU og Heming viser i europadebatten. Det er ikkje alltid eg er samd med han, og av og til riv eg meg i mitt imaginære hår over det eg les, men han er ein demokratisk faneberar, sa Vidar Helgesen.

Helgesen tok eit vidt blikk over EU sine utfordringar, med økonomisk krise, med flyktningkatastrofer i Middelhavet og krisa i Ukraina. 

– Europa står i fare for å få ein tapt generasjon. Ikkje berre økonomisk, men også sosialt og politisk. Og det er mange som fiskar i grumsete vatn. Nokre av partia har eit reint fascistisk grunnlag, sa Helgesen. 

– Eit anna grenseoverskridande behov er migrasjonsutfordringa. Noreg er med i Schengen, og dermed er Middelhavet også vår sørgrense. Det krevst politisk samarbeid for å handtere migrasjonen og for å kunne fordele byrdene mellom landa. 

Helgesen vart utfordra på at Noreg vil avgje suverenitet i samband med innføringa av EUs felles finanstilsyn. 

– Løysinga på finanstilsynet handlar ikkje om å underlegge seg EU. Då hadde det vore fort gjort å avgjere dette. Vi har forhandla i fire år for å finne ei løysing som gjer at vi ikkje underlegge oss EUs finanstilsyn. Overnasjonalt samarbeid om finansiell stablitet meiner vi vi er veldig viktig, men vi vil at overnasjonaliteten skal ligge på EFTA-sida, sa Helgesen. 

– Det er også viktig å merke seg vi for første gong vil bruke grunnlovas paragraf 115 for avståing av suverenitet. Det vil seie behandling med 3/4 fleirtal. Dette er viktig, og det er første gong etter at EØS-avtalen vart vedteken at vi skal avstå suverenitet ved bruk av denne paragrafen. 

Heming Olaussen takka Vidar Helgesen for at han stilte opp og møtte Nei til EU: 

– Tusen takk for at du kom til oss. Vi set pris på klar tale. Du skal få ei utfordring på veg ut: Som du sa i innleiinga di så er vi er ei av forsamlingane som er opptekne av EU-debatt, eller Europadebatt som du seier. Vi vil gjerne vere høyringsinstans når EU- og EØS-relaterte saker skal til behandling. I dag er det litt ulik praksis frå departement til departement. Vil du ta med deg den henstillinga? sa Heming Olaussen, og overrakte jubileumsboka "Folket sa nei" til ministeren.   

Helgesen nikka til henstillinga frå Heming Olaussen, og takka for boka. 

– Eg las omtalen av boka og tenkte at den må eg kjøpe. Men så tenkte eg at det var mogleg at eg kom til å få den her, sa Helgesen til latter frå salen. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook