Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / EU er ingen fredsunion

EU er ingen fredsunion

Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte i Oslo 1. og 2. mars.

Ja-sida hevdar at norsk EU-medlemskap vil vere eit bidrag til at EU vert ei motvekt til USA i utanriks- og tryggingspolitikken. Men det er ikkje noko i dag som hindrar Noreg i å alliere seg med dei europeiske landa og markere ei klar haldning mot utanrikspolitikken til George Bush.

Mange EU-tilhengarar verkar å ha særs høge forventningar til kva ein felles europeisk utanriks- og tryggingspolitikk skal føre med seg. Men kva om EU ikkje landar på den utanrikspolitikken som fleirtalet i Noreg ynskjer? I den grad EU i dag kan seiast å ha ei felles haldning i internasjonale konfliktsituasjonar, er det som oftast til støtte for USA sin politikk ? ikkje som eit alternativ.

I motsetning til under Jugoslavia-krigane og Afghanistan-krigen har Tyskland og Frankrike til no markert ein viss avstand til USAs krigshissing. Dei to leiande EU-landa vil likevel ikkje berre gjere bruk av fredelege verkemiddel ? i EU-konventet går representantane deira inn for felles overkommando i angrepskrig. I EU-landa vert territoriale nasjonale forsvar lagt om til invasjonsstyrkar. 7. desember 2000 uttalte Jacques Chirac til Financial Times at "dersom Europa skulle finne ut at det er ønskelig å intervenere i tilfeller hvor USA ikke ønsker dette, må de nødvendige midler for å gjøre dette være tilgjengelig". Seinare same månad gjekk Chirac, Gerhard Schröder og alle dei andre statsleiarane i EU samrøystes inn for at det skal opprettast ein eigen europeisk hærstyrke med til saman 60 000 soldatar, 400 kampfly og 100 marineskip.

Nei til EU meiner at Noreg i mykje større grad enn i dag kan og må gjere bruk av mulegheita me som eit land utanfor EU har til å vere ei motvekt til sterke maktkonstellasjonar i internasjonal politikk. Di sterkare EU vert, di viktigare vert det med land som står utanfor og fører ein annleis politikk.

For spørsmål og kommentarer, ring Nei til EUs leder Sigbjørn Gjelsvik på 91 16 16 75.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook