Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – EU har stagnert, men...
Paul Scully MP
© Sindre Humberset

På puben «The Cock and Bull» rett over vegen for valkrinskontoret i Sutton i Sør-London er parlamentsmedlem Paul Scully godt kjend. 

– EU har stagnert, men verda er større

– EU er ein stadig mindre del av verdsøkonomien. EU har stagnert. Så vi må sjå vidare, i retning av India og Kina, seier Paul Scully, partikollega av statsminister David Cameron. Artikkel frå Standpunkt 3-2016

Paul Scully er parlamentsmedlem frå London-bydelen Sutton. Han har vore mot britisk EU-medlemskap i over tretti år. Standpunkt møtte parlamentarikaren i valkrinskontoret i Sutton, i Sør-London.  

– Der er i hovudsak fire grunnar til at Storbritannia bør gå ut av EU. Det er økonomi, handel, immigrasjon og suverenitet, seier Scully.

– EU er ein stadig mindre del av verdsøkonomien. EU har stagnert. Så vi må sjå vidare, i retning av India og Kina. Spesielt India vil verte mykje viktigare framover.

Ikkje redd for handelen med EU
EU-tilhengarane skremmer med at britane vil miste tilgangen til EU-marknaden om dei går ut.

– Det er ingenting som tydar på at EU vil forhalde seg til oss som om vi var ein tidlegare koloni. Dette er berre sunn fornuft. EU-leiarane vil forhalde seg til realiteten i situasjonen om vi går ut, seier Scully.

– EU-leiarane vil ikkje innrømme noko no, men 24. juni er eg viss på at alle moglegheiter er på bordet.

Parlamentsmedlemmen vil ikkje gå inn for ei spesiell avtaleløysing, men han har lite til overs for dei som rakkar ned på den norske og den sveitsiske modellen.

– Eg må le når EU-tilhengarane kritiserer Noreg og Sveits. Eg må minne dei på at Noreg og Sveits er nummer ein og nummer to på lista over dei mest velståande landa i verda. Eg ville vere veldig nøgd om Storbritannia kom som nummer tre bak Noreg og Sveits.

– Vi må finne ei løysing for finanssektoren vår. Det er det som manglar i dei mange ulike modellane som har vore foreslått. Det at det er så mange modellar viser at det ikkje er ein modell som passar alle. Vi kan kombinere det beste frå den norske modellen, frå den sveitsiske modellen og andre avtalar, seier han.

Resten av verda viktigare
Paul Scully er meir oppteken av moglegheitene for handel med resten av verda, enn av kva avtale britane vi vil få med EU.

– Vi er den femte største økonomien i verda. vi er den fjerde største militærmakta, vi sit i tryggingsrådet i FN, vi snakkar næringslivsspråket, vi er i den rette tidssona. Vi har så mykje som talar for oss.

– Vi er berre eitt av tre land i EU som sel meir til land utanfor unionen, enn innanfor. Hellas og Malta er dei to andre. Det delvis på grunn av den endra verdsøkonomien, og delvis på grunn av historia vår. Vi har ei maritim historie, der vi handla med heile verda.

– Om vi går ut av EU vil vi ganske raskt auke samarbeidet med andre land. Vi har ypperleg samarbeid med Noreg i dag, og det vil berre bli betre. Om det er til fordel for Noreg også, enda betre.

Får ikkje lage eigne handelsavtalar
I dag har Storbritannia ikkje høve til å inngå handelsavtalar med land utanfor EU. Dette er ei stor ulempe for eit land som har mykje tettare band til dei tidlegare koloniane sine, enn med mange av EU-landa. Og i EU er det andre omsyn som stoppar handelsavtalane.

– Ein av grunnane til at EU ikkje får til handelsavtalar med Australia er at italienske tomatdyrkarar ikkje vil ha ein slik avtale, fortel Scully.

– I EU er det så mange aktørar med individuelle interesser, som dreg i trådane, så det blir ein svært byråkratisk, saktegåande og utdatert prosess. Eg har drive ei lita verksemd og dei som har erfaring frå små verksemder veit at det er viktig å vere lett på foten.

Protesterer mot «roaming»-argumentet
EU-tilhengarane hevdar at EU gjev britane billegare bruk av mobiltelefonen på reiser i andre EU-land. Dette argumentet provoserer Paul Scully.

– Det blir ofte sagt at ingenting kan skje utan EU. Men dette er berre tull. Eg har to mobiltelefonar. Den eine må eg vente til neste år med å bruke i EU. Den andre kan eg bruke i EU i dag og betale det same som heime. Eg kan også bruke den på Island, i Hongkong, i USA, Australia, Israel og Indonesia og nokre andre land, seier han.

EUs regulering skal først tre i kraft i juni 2017, men allereie no har mange leverandørar kutta kostnadane.

– Det er eit resultat av ein fri marknad. Eg treng ikkje vente på at EU endrar regelverket. Om der er ein marknad for det, så vil det kome.

Kontroll over eigne grenser
– Når det gjeld immigrasjon må vi ha kontroll over grensene. Far min var fødd i Burma, og eg er anglo-indisk, så eg har sett den gode sida av immigrasjonen, men vi må ha kontroll over immigrasjonen. Det må vi takle. Vi freistar å handtere det som parti og regjering ved å få nettoinnvandringa ned til nokre titusen, ikkje fleire hundretusen. Men vi får det ikkje til.

– Vi prøver å handtere immigrasjonen med ei hand bunden på ryggen. Vi kan ikkje gjere noko med innvandringa frå EU, så då må vi «straffe» folk frå utsida av EU. Der er høgt kvalifisert arbeidskraft i India som må stille bakerst i køa bak folk frå EU.

– Rapporten frå Finansdepartementet var faktisk basert på at vi må bryte vår eigen politikk på innvandring. Ikkje berre i år, men kvart år til 2030. Det er ikkje plattforma eg gjekk til val på for eitt år sidan.

– Vårt mål er ikkje å stanse immigrasjonen men å sikre at vi får inn folk med dei kvalifikasjonane som vi treng.

Vote Leave
© Vote Leave

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook