Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – EU må trekke til seg...
© Forsvaret/Torbjørn Kjosvold

– Bestanden aukar raskt og krabben spreier seg over heile Barentshavet. Snøkrabben smakar veldig godt, men den tåler ikkje temperaturar over fire grader, så difor kjem den neppe til å kome til norskekysten, seier Harald Sakarias Hansen. Biletet viser KV Svalbard som inspiserer fiskefartøy i Svalbardsona. 

– EU må trekke til seg klørne frå norsk sokkel!

– Nei til EU ser med stor uro på at EU fører ein stadig meir offensiv politikk i nordområda, seier Kathrine Kleveland. EU brukar EØS-avtalen som brekkstang for å tukle med norsk det forvaltingsregimet. Artikkel frå Standpunkt 2-2017.

EU bryt med den norske suverene retten til å forvalte fangst av snøkrabbe i Svalbardsona og på norsk sokkel. Bakom trugar råderetten over andre ressursar som også ligg under havbotnen.  

– Den ulovlige snøkrabbefangsten som EU har sanksjonert gjennom eigne fangstlisensar til mellom anna litauiske og latviske fartøy, er uttrykk for den samme forakten for suvereniteten til dei arktiske kyststatane over sin eigen sokkel, seier Kleveland.

ESA og EU blandar seg

Ifølgje havretten har Noreg einerett på å forvalte denne ressursen, også der norsk sokkel strekkjer seg utover den økonomiske sona. EØS-avtalen skal ikkje omfatte fiskeriforvaltning. Den norske forvaltinga av snøkrabbe har likevel vorte klaga inn for ESA på grunn av påstått diskriminering og brot på EØS-reglene om fri etablering og fri rørsle av tenester.

– EU utfordrar dessutan Noreg sin rett til å forvalte ressursar på sokkelen i vernesona rundt Svalbard, og har mellom anna hevda at Svalbardtraktaten er «gammaldags».

Rådgjevingsorganet for den havgåande EU-flåten (LDAC) tilrår EU-statane å «treffe nødvendige tiltak» for å motsette seg at norsk kystvakt og kontrollstyresmakter grip inn.

– Dette er ikkje annet enn ein provokasjon. Sjølv om fiskeriministeren tydeleg har gjeve uttrykk for at regjeringa vil forsvare norsk suverenitet, har vi ved fleire andre høve erfart at norske styresmakter har enda opp med å avgi suverenitet til EU, seier Kleveland.

– Nei til EU krev at fiskeriministeren hevdar suvereniteten på norsk sokkel.

Snøkrabbe og EØS

Harald Sakarias Hansen forskar på internasjonale fiskeri ved Fridtjof Nansens Institutt og har spesialisert seg på snøkrabbe i Barentshavet. I mars var han invitert til eit rådsmøte i Nei til EU, der han innleidde om konflikta med EU om snøkrabben.

– Noreg har ein avtale med Russland om at den som eig sokkelen også eig ressursane der, sjølv om havet over er internasjonal sone. Dette er nok ei rett tolking av havretten. Noreg og Russland er samde om dette, og EU er også samd i prinsippet, fortalde han.

– Dette er komplisert juss. Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen regulerer fiske i havområdet, men sokkelen er anten norsk eller russisk.

EU har heller ikkje rett til å gripe inn mot norsk forvalting i Svalbardsona.

– Svalbardtraktaten slår heilt klart fast at det er norsk suverenitet som gjeld i Svalbardsona. Men norske styresmakter må likebehandle alle land som har signert avtalen. Traktaten gjeld fastlandet og territorialfarvatnet. Men då traktaten vart underskriven eksisterte ikkje konseptet økonomisk sone.

På syttitalet oppretta Noreg ei 200 mils fiskevernsone rundt Svalbard, tilsvarande norsk økonomisk sone rundt vårt eige territorialfarvatn. Norske styresmakter meiner Svalbardtraktaten ikkje gjeld utanfor 12 milssona rundt Svalbard.

– EU er blant dei som er usamde med den norske tolkinga.

– EU er ikkje part i Svalbardtraktaten, så dei grip inn på vegne av sine medlemsland. Men dei har eigne meiningar. EU meiner at så lenge Noreg ikkje føl opp sine plikter med å forvalte havområdet, så må EU kunne gje tilgang til båtar frå sine medlemsland.

Hansen stiller spørsmål ved om konflikta har vorte meir alvorleg enn naudsynt, og om det har gått prestisje i saka. 

– Spørsmålet er om dette er eit planlagt åtak på den norske tolkinga av Svalbardtraktaten. EU kravde tilgang og kan ikkje gå tilbake på det. Noreg kunne nok ha funne ein måte å gje EU-land ei kvote på. EU er heller ikkje interessert i byte til seg kvotar.

– Det oppsiktsvekkjande her er det at EU deler ut lisensar til krabbefangsten. EU meiner at deira medlemsland har lik rett til å få del i denne ressursen. Sidan Noreg ikkje deler ut lisensar, så meiner EU dei har rett til det.

Olje og gass

I verste fall kan konflikta få store økonomiske konsekvensar for Noreg.

– Dersom denne konflikta endar opp i ein internasjonal domstol, til dømes i Haag, kan Noreg risikere å tape. Dersom Noreg taper vil farvatnet framleis vere norsk, men alle land som har skrive under traktaten får lik rett til å utnytte ressursane i Svalbardsona.

– Dersom Noreg skulle opne for oljeutvinning i Svalbardsona vil alle partane kunne delta i utvinninga. Vi vil heller ikkje kunne skattlegge oljeutvinninga slik vi gjer på norsk sokkel, seier han.

Det er den høge skattlegginga av oljeutvinninga som gjev den norske staten det aller meste av oljeinntektene frå norsk sokkel.  

– Denne saka kan altså få store konsekvensar. Men alle partar er i utgangspunktet samde om at det er Noreg som skal forvalte og styrer Svalbardsona.

Harald Sakarias Hansen meiner EU si historie med fiskeriforvalting er dårleg.

– Sjå berre på EU si framferd på fiskeri globalt. Dei har ei historie med overfiske i eigne farvatn, der det knapt er noko fisk att. Samstundes driv dei reint tjuvfiske i tredjeland, og inngår avtalar med tredjeland som er reine overgrep. EU sin fiskeripolitikk fører folk ut i piratverksemd.

EU-blunder

Peter Ørebech er professor ved Norges fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø. Han sit også i rådet i Nei til EU, og er heilt samd med Hansen.

– Om ein ser dette systemet frå norsk side, så er det Noreg som gjev lisensar for fiske i norsk farvatn. Den største blunderen er at EU startar med å gje ut lisensar. Det skulle teke seg ut dersom Noreg starta med å gje lisensar til fiske i EU-farvatn.

– Det er ingen tvil om at det berre er Noreg som har rett til å dele ut lisensar, ikkje EU.

Harald Sakarias Hansen
© Sindre Humberset
Snøkrabbe

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook