Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Euro-krisa er ikkje...

Om Nei til EU

Ditt fylke

– Euro-krisa er ikkje over

– Nokre vil fortelje oss at euro-krisa er over, at det går framover med økonomien igjen, sa Søren Søndergaard, som er medlem av EU-parlamentet for den danske Folkebevægelsen mod EU. 

Søndergaard innleidde for Nei til EU-landsmøtet søndag 10. november. Han er ikkje overbevist av påstandane om at euroen er over det verste. 

– Korleis kan det då ha seg at Den europeiske sentralbanken nyleg halverte renta frå 0,5 til 0,25 prosent? Kva vert det neste? At vi får pengar på kjøpet når vi går i banken for å låne?– EUs krisemedisin er enkel. Er det krise, så skal det kuttast. Dersom kutta fører til meir krise, skal landa berre kutte enda meir. 

– Dei landa som har vorte utsett for medisinen har gått frå dårleg til verre, og fra verre til enda verre. Men media påstår at det går betre i eurosonen. Dei viser gjerne  til at Spania no har vekst. 

– I tredje kvartal i år steig Spanias bruttonasjonalprodukt med 0,1 prosent. I dei siste fem år har økonomien skrumpa inn med 7,5 prosent. Dersom veksten held fram med same fart som i tredje kvartal i år, vil det ta nesten 20 år før Spania er oppe på nivået dei var før krisa, sa Søndergaard. 

– Sjølv om det skulle kome eit lite oppsving i eurosonen så har nedskjeringa ført til massiv arbeidsløyse og sosial naud, som vi vil slite med i fleire tiår. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook