Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Euroen bygger på sand

Om Nei til EU

Ditt fylke

Søren Søndegaard

Den danske EU-parlamentarikeren Søren Søndegaard.

- Euroen bygger på sand

- Den europeiske union befinner seg i ei djup krise. Kvifor? Ei heilt avgjerande forklaring er at krisa har vist at heile eurokonstruksjonen bygger på sand, seier Søren Søndergaard.

Han er EU-parlamentarikar for den danske Folkebevægelsen mod EU, som gjekk fram til 7,1 % i det danske EU-parlamentsvalet juni 2009. Søndergaard heldt innleiing for landsmøtet i Nei til EU om den djupe krisa som EU og euroen er i. 

 - Euroens problem har vorte skjult av den generelle økonomiske veksten på nittitalet og starten på 2000-talet, seier han. Men den økonomiske krisa avslørte kor svak Den økonomiske og monetære unionen reelt sett er. 

 - Euro har aldri handla om økonomi, det har handla om politikk. Euroen har vore ein reiskap for ein stadig tettare union, slår EU-parlamentarikaren fast. - Det er vanskeleg å sjå at det finst ein demokratisk veg ut av krisa, seier Søndergaard.- For å møte krisa vil EU nå gjennomføre tettare styring av dei ulike landa sin økonomiske politikk. Det danske budsjettet skal no ikkje lenger sendast til Folketinget, det skal sendast til Brussel. Først når dei der har sett på det, og godkjent det, kan det sendast vidare til Folketinget.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook