Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Feir kvinnedagen med N...

Feir kvinnedagen med Nei til EU!

Snart står den internasjonale kvinnedagen for døra.

Sjekk også nettsidene til Nei til EUs kvinnepolitisk utvalg!

Kvinnedagen er ein dag for å markera solidaritet, sjølvstende og demokratiske rettar. Derfor er det også ein dag for markering mot EU-medlemskap og EUs politikk. I Nei til EU er det ein lang tradisjon for å markera kvinnedagen. Vi oppfordrar alle – kvinner, menn, born og fjortisar – om å synliggjera EU-motstanden på kvinnedagen!

Å vera mot norsk EU-medlemskap er typisk for kvinner. Det er kvinnene som er mest skeptiske til norsk medlemskap i EU og det er kvinnene som har sikra at vi står framleis står utanfor EU, ved å røysta nei i 1972 og 1994. I 1994 røysta 57 prosent av kvinnene nei, og ved meinigsmålinga i  september sa heile 70 prosent av kvinnene nei til norsk EU-medlemskap.

Å vera mot norsk EU-medlemskap er å vera for folkestyre. Grunnlaget for det norske samfunnet er folkestyre. Vi vil sikra eit folkestyre der alle har ei reell påverknadsmoglegheit på sin eigen situasjon - kvinner som menn. Å markera dei demokratiske rettane kvinner har opparbeida seg, er naturleg for Nei til EU.

Kvinner skal ha like moglegheiter som menn, og kvinnedagen er eit godt høve til å setja fokus på dei stengslane og utfordringane i samfunnet som gjer at kvinner og menn ikkje er likestilte.

Vi ønskjer alle ei god 8. mars-feiring landet rundt!

Gratulerer med dagen!

RELATERTE SAKER

Flygeblad

Kvinneutvalet har laga eit flygeblad om vikarbyrådirektivet og kvinner. Flygebladet er særleg aktuelt i kjølvatnet av Adecco-sakene. Du kan bestilla det gratis hos oss. Vi sender dette til alle som vil ha det. Du kan også skriva det ut sjølv.

Vikarbyrådirektivet og kvinner

Standpunkt 1-2011 hadde denne artikkelen om vikarbyrådirektivet og kvinner.

Lesarbrev

Vi har produsert to standardlesarbrev, eit om helsedirektivet og eit om vikarbyrådirektivet. Bruk dei slik de vil! Lesarbrevet om helse har ikkje eit spesielt kvinnefokus, og begge lesarbreva passar også i tida etter 8. mars.

Lesarbrev om vikarbyrådirektivet

Lesarbrev om helsedirektivet

Kalender

Sjekk her hvor Nei til EU markerer 8. mars.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook