Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Fellesforbundet meir E...
Nyvald leiar i Fellesforbundet Jørn Eggum, Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og fagleg leiar i Nei til EU, Boye Ullmann, på rådsmøte i Nei til EU.
© Sindre Humberset

Fellesforbundet sin nyvalde leiar Jørn Eggum i god samtale med Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og Boye Ullmann, fagleg leiar i Nei til EU. 

Fellesforbundet meir EØS-kritisk

– Vårt handelspolitiske forhold til EU er EØS, men vi erkjenner at EØS-avtalen skaper utfordringar, sa Jørn Eggum på Nei til EUs rådsmøte.

Fellesforbundets nyvalde leiar Jørn Eggum var gjest på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober. Han erkjente at to svært tette røystingar viser at det nyleg avslutta landsmøtet var delt på midten i EØS-saka.

– Fellesforbundet har endra syn på EØS med dette landsmøtet. Vi har uttrykt eit langt meir nyansert syn på EØS enn tidlegare, sa Jørn Eggum.

– EØS har vore debattert i organisasjonen lenge, ikkje minst det siste året. Forbundsleiinga laga eit debattopplegg i organisasjonen om kva saker som landsmøtet vil ha fokus på.

– EØS-avtalen gjer det er krevjande å utvikle og behalde våre ordningar i arbeidslivet, som det kollektive forhandlingsystemet.

– Vi har sett ei utvikling i EU i retning der berre vil vere mogleg å allmenngjere minimumsreglar i arbeidslivet. Dette er noko av bakgrunnen for at ESA og EFTA-domstolen grip inn mot den norske måten å allmenngjere reglane i arbeidslivet.

Vil bruke handlingsrommet i EØS

Jørn Eggum framheva at det er viktig at handlingsrommet innanfor EØS blir utnytta.

– Styresmaktene må bruke handlingsrommet i EØS-avtalen.

– Fellesforbundet vil føre ein kompromisslaus kamp mot sosial dumping. Norske styresmakter må gjere heimeleksa si både før, under og etter implementering av nytt EØS-regelverk.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook