Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Fellesforbundet sterkt...
Jørn Eggum innleiar på Nei til EUs rådsmøte i oktober 2015.
© Sindre Humberset

Jørn Eggum kom til rådsmøtet i Nei til EU som eitt av dei første oppdraga som leiar i Fellesforbundet. Rådsmøtet var langt på veg nøgde med Fellesforbundet sitt vedtak om TTIP og TISA. 

Fellesforbundet sterkt kritiske til TTIP og TISA

Landsmøtet i Fellesforbundet meiner dei hemmelege forhandlingane om TTIP og TISA er sterkt urovekkjande, sa Jørn Eggum på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.

Den nyvalde forbundsleiaren Jørn Eggum var gjest på Nei til EUs rådsmøte. Der vart han utfordra på Fellesforbundet sitt syn på dei pågåande forhandlingane om TTIP og TISA-avtalane.

– Landsmøtet krev openheit om forhandlingane om TTIP og TISA, krev at regelverk og standardar i arbeidslivet ikkje skal bli svekka, og er mot ei tvisteløysingmekanisme som gjev verksemder rett til å gå til sak mot statar. Landsmøtet krev også ei utgreiing av konsekvensane av disse avtalane, sa Eggum.

Nei til EU-nestleiar Ådne Naper er glad for eit tydeleg signal frå Fellesforbundet.

– Veldig oppløftande at Fellesforbundet er så tydelege og stiller så klare krav til TTIP- og TISA-forhandlingane. Men eg ser ikkje skilnad på det Fellesforbundet har vedteke og eit klart nei til TTIP og TISA?

– Eg har fått mange spørsmål om landsmøtet eigentleg sa nei til TTIP/TISA, sa Jørn Eggum.

– Som fagforeiningsmann så er det slik at før vi kan seie nei, så må vi ha noko å ta stilling til. Men det vi ser no er absolutt urovekkjande. Så får vi ta stilling når vi har eit endeleg framlegg å ta stilling til. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook