Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Finanspakta grunnlov...
Karina Rohr Sørensen
© Sindre Humberset

Karina Rohr Sørensen innleidde om eu-krisa på Nei til EUs rådsmøte. 

- Finanspakta grunnlovsfester nedskjeringspolitikk

- No står vi overfor ei finanspakt som vil traktatfeste ein borgarleg økonomisk nedskjeringspolitikk, sa Karina Rohr Sørensen til Nei til EUs rådsmøte 18. mars.  

Det er ikkje EU som har skapt krisa, men det at store delar av EU har euroen, har vore med å forsterke krisa. Det skuldast at euroen er ein feilkonstruksjon, sa Karina Rohr Sørensen frå Folkebevægelsen mod EU, som var innleiar og gjest på Nei til EUs rådsmøte 18. mars.

Hovudtemaet for rådsmøtet var EU-krisa og konsekvensane av den for vanlege folk i medlemslanda.

EU sine krisetiltak har til no ikkje klart å demme opp for krisa, og resultatet er økonomisk nedgang og massearbeidsløyse, spesielt blant ungdom. Dette fører igjen til ei veksande sosial naud og desperasjon.

EU-landa vil no vedta nye og stramme krav for økonomien i medlemslanda. Desse krava vert kalla finanspakta, eurotraktaten eller six-packen. Danmark er ikkje med i euroen, men regjeringa ønskjer likevel å slutte seg til finanspakta.

- Finanspakta vil traktatfeste ein borgerleg økonomisk nedskjeringspolitikk. Det vil ikkje vere mogleg å føre ein alternativ politikk for å møte krisa, sa ho.

Aldri vore så uroa som no

- Eg har vore medlem i Folkebevægelsen i 20 år, men i den perioden har vi ikkje sett noko vi har vore så uroa over som Finanspakta, fortalde Rohr Sørensen.

Gjennom finanspakta gjev eurolanda frå seg verkemidla til å møte krisa. Dei kan ikkje devaluere, så då står to verkemiddel att. Å kutte i offentleg sektor eller kutte i lønsveksten.

- Folk vert redde for at euroen skal bryte saman. Difor går dei med på integrasjonsforslag som dei elles aldri ville akseptert, slo ho fast. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook