Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Flott dag på DogA
Torunn og Jens

Torunn Husvik, nestleiar i Nei til EU, og Jens Kihl, kommunalpolitisk sekretær, presenterte konferanseprogrammet.

Flott dag på DogA

Våren er igang i Nei til EU. Kommunalpolitisk konferanse 2.april hadde 140 frammøtte og vitna om brennande engasjement for det lokale folkestyret.

 Om ikkje alt heng saman med alt, er det iallfall lite som ikkje er relevant når EØS og lokaldemokrati kjem på dagsorden. Mellom innleiarane var Helene Bank, spesialrådgjevar i For Velferdsstaten, Knut Hjorth-Johansen, seniorrådgjevar i Kommunenes Sentralforbund og Julie Lødrup, dagleg leiar i Manifest senter for samfunnsanalyse.

Odd Christian Øverland, leiaren i Postkom, snakka om postdirektivet. Han understreka at ingen av EU sine viktigaste handelspartnarar har liberalisert posttenestene sine og at konkurransen om slike tenester har særs lite for seg i norden. Dei største selskapa vil undergrave tenestene på tvers av landegrensene og attpå til bruke skattebetalarane sine kroner for å få det til, konstaterte han.

Mette Nord, nestleiaren i Fagforbundet, apellerte til meir kritisk refleksjon rundt velferdstenester på anbod. Mellom anna peika ho på at oppblomstringa av private barnehagar har skapt ein marknad for konsern der formua til slutt endar opp i skatteparadis.

René Stavnes tok konferansedeltakarane på ei rask, men svært omfangsrik, musikalsk rundtreise i vårt mangeslungne land. Etter ein song der alle kommunar var nemnt og ingen gløymt var salen fullstendig overvelda.

Odd Christian Øverland, leiaren i Postkom, serverte eitt og anna gullkorn frå debatten om postdirektivet. Mellom anna eit oppslag i Dagens Næringsliv om at seks dagar postomdeling ga ein meirkostnad på 300 millionar i året. Vel å merke om ein kasta alle breva og pakkene som blir levert desse dagane, la han til.

Turid Thomasssen, leiaren i Raudt, var blant dei mange engasjerte tilhøyrarane som kom med innlegg og spørsmål undervegs.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook