Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Folkerøysting om EU-un...
© Folkebevægelsen mod EU

Folkebevægelsen mod EU tek også kampen på fotballbana. Kampanjekoordinator Lave Broch står i midten på bakerste rad. 

Folkerøysting om EU-unntak i Danmark 3. desember

– Folkestyret vil bli kraftig svekt ved eit ja og EU vil få overstatleg makt over justispolitikken, seier Lave Broch i Folkebevægelsen mod EU.

Han er kampanjekoordinator for Folkebevægelsen mod EU, som er søsterorganisasjonen til Nei til EU. Det danske justisunntaket fekk Danmark etter at danskane røysta nei til Maastricht-traktaten i 1992. Rettsunntaket medfører at Danmark kan delta i mellomstatleg justissamarbeid, men ikkje kan underleggast EUs overstatlege justispolitikk.

– Eit fleirtal i Folketinget vil avskaffe det danske justisunntaket i EU og få Danmark med i delar av EUs overstatlege justispolitikk, seier Broch.

Eit ja vil føre til at EU får overstatleg makt i Danmark over strafferett, overvaking og registrering av borgarane, utlevering av borgarar til andre land, samt terrorlovene. I mellomstatleg samarbeid har Danmark vetorett, men i overstatleg politikk er det fleirtalet i EU som avgjer.

– Kva kan konsekvensane bli dersom det blir ja i folkerøystinga 3. desember?

– Den viktigaste konsekvensen er at folkestyret vil verte svekt ved eit ja. Danmark blir underlagt EUs overstatleg makt innanfor justispolitikken, der EU-kommisjonen har monopol på å fremje lovframlegg.

Nei til EU stør kampanjen

Lave Broch fortel at Folkebevægelsen mod EU er i gang med å bygge opp ein landsdekkjande kampanje.

– Den kjem mellom anna til å inkludere ei utdelingsavis i eit større opplag, ein eller to kampanjebilar som skal køyre landet rundt, ei kampanje på Facebook og internett, mellom anna med Youtube-videoar, avisannonser i utvalde aviser, landsdekkjande plakatopphenging, hendingar, debattmøter og pressearbeid. Vi vil starte med eit budsjett på om lag 600 000 kroner, og deretter vil vi utvide i takt med at vi får samla pengar inn.

– Vi har tidlegare fått støtte frå Nei til EU og vi vonar difor at de har høve til å støtte oss igjen. Folkebevægelsen mod EU vil vere takksame for økonomisk støtte uansett storleik, og vi vonar også at vi kan ha eit tett politisk samarbeid i kampanjen, då det norske forholdet til EU på justisområdet kjem til å spele ei stor rolle i den danske debatten, seier Lave Broch.

Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland tek utfordringa:

– Arbeidsutvalet i Nei til EU vedtok den 11. august å støtte kampanjen med 10 000 kroner. Vi oppmodar alle våre fylkes- og lokallag til å bidra i den viktige kampanjen Folkebevægelsen no skal inn i, seier ho.

(Les resten av artikkelen i Standpunkt 4-2015, som kjem til medlemane i starten av oktober) 

Slik kan du støtte kampanjen!

Det enkelte medlem i Nei til EU kan støtte kampanjen på mange måtar:

  1. Gje eit bidrag til kontonummer: Iban DK3198600000025100 og BIC FOSPDK21 eller gjennom crowdfunding: https://www.indiegogo.com/projects/bevarelse-af-retsforbeholdet#/story
  2. Reise til Danmark før folkerøystinga og hjelpe til fysisk. 
  3. Skrive debattinnlegg til danske media til dømes om korleis Noreg kan samarbeide med EU i kampen mod grenseoverskridande kriminalitet sjølv om Noreg ikkje er med i EU.
  4. Snakke med danske venner om kvifor det er viktig med eit nei
  5. Lik Folkebevægelsen mod EU på Facebook

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook