Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Folkestyre den viktiga...
Vote Leave og Grassroots Out står på stand i Warwick.
© Derek Bennett

Vote Leave og Grassroots Out står på stand i Warwick.

Folkestyre den viktigaste saka

– Britane vil røyste 23. juni ut frå om dei meiner landet deira skal styrast av britiske politikarar eller av EU-kommisjonen, seier Kate Hoey, parlamentsmedlem for Labour. Artikkel frå Standpunkt 3-2016.

Kate Hoey var minister i regjeringa til Tony Blair, og er den mest profilerte politikaren frå Labour på Leave-sida. Standpunkt snakka med ho i London i mai.

– Det viktigaste for meg er det demokratiske argumentet. Dette er ganske enkelt for folk. Vi kan snakke om økonomien til vi er blå i ansiktet, men den jamne brite vil røyste den 23. juni ut frå om dei instinktivt meiner landet deira skal styrast av britiske politikarar, som dei kan kaste ut ved val, eller om dei vil at landet skal styrast av ein EU-kommisjon som ikkje er vald.  

– Eg argumenterer ut frå eit venstresideperspektiv, men demokratiargumentet er like viktig uansett om ein kjem frå høgre- eller venstresida.

– Frå eit Labour-synspunkt og frå eit venstresidesynspunkt, er EU til berre fordel for dei multinasjonale selskapa. Dei har gått heilt bort frå det sosiale Europa, som overtydde mange av mine kollegaer for mange år sidan, seier ho.

– Måten EU har behandla det greske folket viser at EU ikkje er interesserte i arbeidsfolk i det heile.

Ikkje uroa for handelen
Kate Hoey er heller ikkje uroa for at britane ikkje skal kunne handle med EU-landa etter dei går ut av EU.

– Eg skjønar ikkje argumentet om handel. Handel blir ikkje gjort av politikarar. Det blir gjort av folk som ønskjer å handle med kvarandre. Eg kan ikkje sjå problemet der.

– Eg ønskjer veldig sterkt å få kontroll over fiskeria våre igjen. Det er same argumentet på fiskeri som på landbruk, eigentleg. At vi må få tilbake kontrollen over landbruket og fiskeria. Bøndene er sjølvsagt uroa, men Storbritannia støtta landbruket også før vi vart EU-medlemer.

– Eg ønskjer demokratiet tilbake
Lord Stoddart of Swindon er nitti år gammal, og har vore leiar i organisasjonen Campaign for an Independent Britain frå 1985 til 2007. Han har vore parlamentsmedlem for Labour, men er no ikkje medlem, og reknar seg som uavhengig Labour.

– Hovudgrunnen til å gå ut av EU er at vi då tek tilbake retten til å styre oss sjølv. Vi vil ikkje bli styrt av 27 andre land og av byråkratiet i Brussel. Storbritannia har vore eit demokrati i veldig lang tid, og eg ønskjer berre å få demokratiet tilbake, seier Lord Stoddart til Standpunkt.

– Hovudsaka handlar om å styre seg sjølv. Det handlar eigentleg ikkje om økonomi. Det handlar ikkje om eksport eller import. Vi ville likevel klare oss mykje betre om vi var ute av EUs indre marknad, men hovudsaka er å få tilbake retten til å styre oss sjølv, seier han.

Lange demokratiske tradisjonar
Lord Stoddart er oppteken av at Storbritannia har lange tradisjonar, som no blir undergravne av eit udemokratisk EU.

– Dei britiske institusjonane har vorte bygde opp gjennom hundrevis av år og eksportert til alle andre. Eg forstår rett og slett ikkje dei som ønskjer å gje sjølvstyre til andre, men som ikkje ønskjer det for seg sjølv. Det forundrar meg verkeleg. Eg forstår rett og slett ikkje korleis dei tenkjer.

– Om dette landet skal lukkast, så må vi lage våre eigne lover, gjennom eige parlament, gjennom eiga vald regjering og gjennom dei institusjonane vi har bygd opp. Eg kan ikkje seie det tydelegare. Ikkje bry dykk om Bank of England sine åtvaringar. Dei tek alltid feil, og i alt. Vi må få tilbake kontroll over vårt eige land.

– Storbritannia vil få tilbake den posisjonen som minst 150 andre land har, at dei kan styre over seg sjølv. Og vi vil bruke den posisjonen til å ha gode og venskaplege relasjonar til andre land. Men i EU er nasjonalstaten er eit hinder. Målet er å bli kvitt den, og opprette ein stat som heiter Europa. Det er ein organisasjon som er dømt til å mislukkast. Om vi blir verande er vi dømt til å gå under med den. Og det er ein annan grunn til å gå ut.

Undervurderer folket
Lord Stoddart seier han er for gammal til å delta så mykje i kampanjearbeidet sjølv, men er nøgd med kampanjen så langt.

– Eg meiner kampanjen går rimeleg bra. Men vi er opp mot slike odds at folk blir i tvil om kva dei skal gjere, seier han.

– David Cameron lovde ei fri og rettvis folkerøysting, men har gjort alt for å hindre at det blir det. Det er ei skam for demokratiet.

– Han har også brukt skattebetalarane sine pengar og statsapparatet, som er betalt av skattebetalarane, på den eine sida i debatten. Det er nesten eit grunnlag for riksrett. Eg er så sint over dette. Det er ei skandale.

– Dette uroar meg veldig. Eg har hatt mi tid, men eg har barnebarn og oldebarn å uroe meg for.

Lord Stoddart seier at han ikkje veit korleis denne manipuleringa vil påverke utfallet.

– Eliten undervurderer intelligensen og kunnskapen til vanleg folk. Eg vonar folk blir like opprørte over dette som eg er, over at dei blir manipulerte av dei rike, av byråkratiet og regjeringa. Eg vonar dei vil seie at dette vil vi ikkje ha.

– Vi må ha tru på demokratiet og på dei institusjonane som vi har bygd opp. Og vi vil ha det betre utanfor EU.

Massivt internasjonalt press
Kate Hoey er samd i at britane blir utsett for eit massivt press for å bli i EU.

– Eg er likevel ganske nøgd. Då Barack Obama kom til Storbritannia var han tydelegare enn vi hadde venta i støtten for at britane skal bli i EU, men i følgje meiningsmålingane hadde det liten effekt på veljarane, seier ho.

– Vi har fått høyre mykje propaganda om at unge folk ønskjer å bli i EU, men meiningsmålingane viser at dei unge ikkje er like positive til EU-medlemskapen som venta, seier ho.

– Der er mykje propaganda frå EU i skulane og mange har ei førestilling om at vi får pengar frå EU. Vi må stadig minne folk på at det er våre eigne pengar vi får tilbake, seier ho. Storbritannia er netto bidragsytar til EU, slik at for kvart pund landet mottar frå EU-ordningane, må dei betale fleire inn.

– Regjeringa påstår at kvar familie blir 4300 pund fattigare om Storbritannia går ut. Påstandane har vorte møtte med sterk kritikk, og folk trur ikkje på det.

– Men faren med det sterke presset er at folk til slutt skrur av, og endar opp med å ikkje røyste. Eg trur likevel dei som støttar Brexit har vil røyste i større grad enn EU-tilhengarane. Vi er langt meir motiverte.

Kate Hoey
© Sindre Humberset
Lord Stoddart of Swindon
© Sindre Humberset
Vote Leave-krus
© Sindre Humberset
Kathrine Kleveland hos Vote Leave

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook