Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Framgang i medlemsflokken

Framgang i medlemsflokken

Medan fjoråret var beste året på lenge, er det viktig at dette året blir endå betre. Ikkje berre har vi budsjettert med at vi treng inntektene frå 30 000 medlemer; eit høgt medlemstal gjev også politisk legitimitet og tyngd bak argumentasjonen vår.

Fjoråret var eit år med framgang i medlemsflokken vår; og for andre året på rad gjekk talet på betalande medlemer fram med om lag 1 500. Til slutt landa vi på 25 401 som betalte kontingenten. 17 av 19 fylke auka medlemstalet, nokre av dei til ståande applaus frå kontoret. Særleg Sogn og Fjordane, som har auka med over 500 betalande medlemer på 2 år har gjort veldig mykje godt arbeid spreidd over heile fylket.
Det vart verva over 3 300 nye medlemer til Nei til EU, som er det høgste talet på nyvervingar sidan 1994.

Topp 5 vervingar 2004 (lokallag):

Trondheim 128 nye medlemer
Bergen 81 nye medlemer
Inderøy 77 nye medlemer
Sarpsborg 55 nye medlemer
Tromsø 52 nye medlemer

2005
For å nå 30 000 betalande medlemer, må vi mest truleg verva dobbelt så mange nye medlemer i år som i fjor. Det gjer seg ikkje sjølv, så om du enno ikkje har verva nei-folk du kjenner, er tidspunktet no. Prisen for medlemskap i Nei til EU er enno 150,-/100,- kroner fyrste året.
Den beste måten å driva vervearbeid, er heilt klårt å spørja folk om dei vil bli medlemer. Eit døme: Styret i Andøy Nei til EU (Nordland) har delt kommunen opp i ulike roder, der kvart styremedlem har ansvar for å spørja nei-folk om å teikna medlemskap. Eller som dei har gjort i Eidsberg (Østfold), der dei i samarbeid med fylkessekretæren har sendt ”Bli med i NTEU”-giro til medlemene i eitt av nei-partia.
Om laget ditt vil verva fleire medlemer, så ta kontakt med fylkessekretæren dykkar, eller ta kontakt med kontoret sentralt (ved Vigdis eller Remi) for tips, råd, praktisk hjelp eller kva det måtte vera.

Topp 5 vervingar til no i år (lokallag)
Bø i Vesterålen 31 nye vervingar
Trondheim 14 nye vervingar
Eidsberg 12 nye vervingar
Vik i Sogn 11 nye vervingar
Sortland 10 nye medlemer
Løten 10 nye medlemer

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook