Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Framleis nei på Island

Framleis nei på Island

Ragnar Arnalds har vore leiar i Heimsyn sidan 2004.

- Vi er ikkje på veg inn i EU

Ragnar Arnalds, leiar av neiorganisasjonen Heimsyn på Island, er ikkje i tvil. Island kjem ikkje til å bli medlem av Den europeiske union.

Ragnar Arnalds lovar at "islands-suget" i Noreg er like lite basert på fakta som det islandske "norske-suget".
– I dag er det 55 prosent som seier nei og 45 prosent som seier ja til islandsk medlemsskap i EU, fortel Ragnar Arnalds. Når det vert laga meiningsmålingar om folk tykkjer at Island skal søkje medlemsskap for å sjå kva ein kan oppnå i forhandlingar, så vert ja-prosenten noko høgare.
På Island er det fem politiske parti i det nasjonale parlamentet Alltinget. I regjeringa er det to parti; Sjølvstendepartiet, som er det største og klart imot, og Framstegspartiet som har statsministeren, men er eit lite parti og delt i synet på EU. Det er tre parti i opposisjon. Det er det sosialdemokratiske partiet som er for EU, i tillegg til det venstre-grøne partiet som er mot EU og det liberale partiet som også er i mot EU. Dette kan sjølvsagt endre seg ved komande val.

Islandssuget

I 2002 vart det offentleggjort ei svært overraskande meiningsmåling på Island. Denne vart straks kjent også i Noreg. Meldinga som gjekk ut var at 91% av folk på Island var for medlemsskap i EU. Både her i Noreg og på Island skapte denne målinga bølgjer. Spørsmålet som ga 91 prosent ja til å sende søknad, var utforma slik at det leidde folk til å tru at det er mogleg å søke om medlemskap berre for å sjå kva slags vilkår ein kan få, utan å forplikte seg til noko. Men meiningsmålinga, og noko draghjelp frå deler av dåverande regjeringa, gjorde sitt til at EU-debatten på Island var i fullt oppsving.
I juni 2002 svarte EU-skeptikarane med å gå saman om sin eigen tverrpolitiske organisasjon, som dei kalla Heimssýn. Namnet tyder ”utsyn over verda”. Så på landsmøtet i Nei til EU i november 2002 kunne Ragnar Arnalds til stor jubel frå landsmøteutsendingane erklære at han ikkje hadde noko tru på at det islandske folket kom til å røyste Island inn i EU.

Argumentasjon

I 2004 vart Ragnar Arnalds vald til leiar i Heimssýn, og i vår kom han til Noreg for å halde innleiing om spørsmålet: ”Er Island på veg inn i EU?” Organisasjonen Heimssýn må ha gjort mykje rett, for i dag er det eit godt fleirtal mot islandsk medlemsskap i EU.
Han fortel at argumentasjonen frå ja-sida på Island, liknar argumentasjonen frå ja-sida i Noreg og dei andre landa i Europa.
– Det viktigaste argumentet er at alle går inn i EU. Dermed seier ja-sida ”kvifor skal ikkje Island også?” Dessutan vert det sagt at det er veldig viktig at Island får røysterett i EU, fortel Ragnar Arnalds. Han svarar med fakta; viss Island gjekk inn i EU ville dei få 5 representantar av heile 732 representantar i EU-parlamentet. Og dei ville få 3 røyster av 345 røyster i Ministerrådet. Han ser heller ikkje nokre økonomiske argument for at Island skal bli medlem i EU.
– På Island er arbeidsløysa frå 1,5 til 3 prosent. I EU er det er om lag 8 til 9 prosent arbeidsløyse. Dessutan er Islands nasjonaløkonomi god. Veksten er i dag på om lag 4-5 prosent og ein har kontroll på inflasjonen. Alderssamansetninga i folket er god. Det er også store pensjonsfond på Island. Om lag 320 000 kroner per person. Til samanlikning er det norske oljefondet på 304 000 kroner per person, seier Ragnar Arnalds. Han påpeikar også at det slett ikkje vil verte så mykje billegare varer på Island om dei gjekk inn i EU.
– Det einaste som vert billegare er mjølk og kjøt, seier Arnalds. Det meste andre av salsvarene vert i dag importert til Island.

Økonomi og naturressursar

Øya ligg midt mellom to kontinent. Amerika i aust og indo-asia i vest. Desse to kontinenta er på veg vekk ifrå kvarandre og i midten kjem lavaen opp. Dermed er det mykje vulkanar i desse områda.
– Vi kan bruke meir av energien som vi kan få frå jorda. Vi har brukt lite av denne energien og den er ein naturressurs for framtida, seier Ragnar Arnalds. Han peikar på at det i tillegg er ein del fossekraftverk på Island, og at dette gjer at islendingane snart vil gå forbi Noreg i energiproduksjon per innbyggjar.
Han påpeikar at det i dag er høg rente på Island fordi sentralbanken vil kjøle ned økonomien. Viss Island hadde vore i EU hadde renta vore rundt 2,5 prosent og det kunne fått svært uheldige konsekvensar, meiner Ragnar Arnalds. Han viser til ein veldig interessant statistikk som er laga av den islandske sentralbanken. Frå 1961 til 1995 har dei rekna ut korleis økonomien på Island har samstemt med økonomien i EU. Det viser seg at i denne lange tidsperioden har Island vore heilt i utakt med økonomien i EU. Når det er vekst i EU-landa har det vore nedgang på Island og motsett. Til samanlikning har økonomien i Danmark og Sverige i mykje større grad svinga saman med EU. Noreg er i om lag same situasjon som Island og svingar i utakt.

Fisk

Fisk er viktig på Island. I flateareal er Island 100 000 km2, medan tek ein med havområda er det 758 000 km2. I dag utgjer fisk om lag 60% av eksporten. No forhandlar Island med Kina om ein handelsavtale. Når denne handelsavtalen er ferdig forhandla er dette den første handelsavtalen som Kina inngår med eit europeisk land.
– Dette er eit viktig poeng for nei-sida. Dersom Island går inn i EU kan vi ikkje lenger inngå sjølvstendige handelsavtalar med andre land, seier Ragnar Arnalds.

EØS-avtalen

Ragnar Arnalds er ein røynd politikar på Island. Han har mellom anna vore medlem av Alltinget, finansminister og leiar for det venstre-grøne partiet.
– Eg røysta i mot EØS-avtalen og eg er framleis i mot EØS i dag. Eg trur det ville vere meir rett å inngå handelsavtalar i retning av Sveits sin type, seier Ragnar Arnalds, som meiner det ikkje er rett å kalle Island eit faksdemokrati etter innføringa av EØS-avtalen.
– Nei, det stemmer ikkje heilt. Island har rett til veto. Det gjeld berre å bruke denne retten, seier Ragnar Arnalds.

Unge folk mot EU

– Kva meiner ungdom på Island om EU-spørsmålet?
– Eg trur ungdomen er sterk motivert i denne saka. Det gjeld ungdom både venstresida og høgresida. Det er på mote å vere mot EU. Høgrepartiet har fullstendig endra seg på ti år, seier Ragnar Arnalds. Han meiner at danninga av Heimssýn og arbeidet deira har hatt noko å seie for denne utviklinga.
– For ti år sidan hadde eg ikkje peiling på kva ulike folk meinte om EU-spørsmålet, seier Ragnar Arnalds. Som legg til at for ti år sidan viste ikkje andre heller kva han meinte om dette viktige politiske spørsmålet. Sjølv om ungdom på venstresida og høgresida er i mot EU, er det annleis med sosialdemokratane. Mellom dei unge sosialdemokratane er det mange som er for EU.
Ragnar Arnalds har lært dansk på skulen og seinare studert i Sverige. Han fortel også at han les norsk. Så snakkar han det han sjølv kallar skandinavisk graut. Men er sjølvsagt lett å forstå for folk i Noreg.
– Men kva slag situasjon må til for at det skal verte eit ja til EU på Island?
– Då måtte Noreg ha vorte medlem i EU. Storbritannia må ha teke i bruk euro og det må vere ein politisk situasjon på Island der sosialdemokratane og Framstegspartiet har fleirtal. Då vil det sjølvsagt har vore fare for at vi vart medlem, smiler Ragnar Arnalds.

Fakta: Island og EU

* Meiningsmålingane på Island viser at 55% er i mot og 45% er for islandsk medlemsskap i EU.
* Nei-organisasjonen på Island heiter Heimssýn. Det tyder ”utsyn over verda”.
* Heimesida til Heimssýn er www.heimssyn.is
* innbyggjartalet på Island er 300 000. Om lag 100 000 bur i Reykjavik. Til saman 160 000 bur i Reykjavik-området.
* Fisk utgjer 60% av eksporten.
* Island er 100 000 km2 stort, men inkludert det islandske havområdet er arealet 758 000 km2.
* Arbeidsløyse på mellom 1,5 – 3 % (Gjennomsnittet i EU er arbeidsløyse på om lag 8 – 9%).
* Dersom Island vart medlem av EU, ville landet få 5 av 732 plassar i EU-parlamentet. Og 3 av 345 røyster i Ministerrådet.
* Frå 28. – 30. juli: Nordisk folkeriksdag på Island.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook