Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Går i retning av utmel...
David Cameron og Beata Szydlo
© Georgina Coupe/Number 10

Møter motstand. Den britiske statsministeren David Cameron på møte med sin polske kollega Beata Szydło i Warszawa 10. desember. Cameron har problem med å få med seg dei aust-Europeiske EU-landa på kravet om å halde tilbake velferdsgode til EU-migrantar.

Går i retning av utmelding av EU

Storbritannia har stilt sine krav for å bli og EU vil svare i februar. Begge sider i Storbritannia ser til dei norske erfaringane utanfor EU. Artikkel frå Standpunkt 1-2016.

David Cameron, statsminister i Storbritannia, har lovd folkerøysting om EU-medlemskapet før utgangen av 2017. I oktober sende Cameron EU-president Donald Tusk ei liste med krav, som EU må møte for at Storbritannia skal verte verande i unionen (Sjå eiga boks). Cameron stiller ikkje krav om at endringane må kome i form av traktatendringar, men at dei må vere «rettsleg bindande og irreversible».

Spesielt kravet om at EU-migrantar må bu i Storbritannia i fire år før dei kan få velferdsgode, er problematisk for dei andre EU-landa å akseptere. EU-president Donald Tusk har mål om at eit EU-toppmøte i februar skal kome opp med eit kompromiss som kan vere akseptabelt for alle partar.

Ser til Noreg

Det er uvisst i kva grad EU-landa vil kome Storbritannia i møte, men uansett er det store sjansar for at eit fleirtal går inn for EU-utmelding. Då blir spørsmålet korleis Storbritannia skal organisere sitt utanforskap. Fleire på neisida har vist til at Noreg klarer seg bra utanfor EU, men statsminister David Cameron åtvara sterkt mot å følgje den norske modellen.

– Nokre av dei som meiner Storbritannia skal gå ut av EU har peika på den norske modellen som eit godt døme. Eg vil åtvare sterkt mot det, sa Cameron i spørjetimen i det britiske parlamentet, i følgje BBC 28. oktober.

– Noreg betalar faktisk like mykje per person til EU som det vi gjer. Dei tek mot dobbelt så mange migrantar i høve folketalet som Storbritannia gjer, men dei har ikkje nokon plass ved bordet.

Helgesen åtvarar britane

Den norske regjeringa ser ikkje ut til å meine at dei har noko ansvar for å forsvare den norske tilknytinga til EU. I februar var EU-minister Vidar Helgesen invitert til London for å tale for den EU-venlege organisasjonen «British Influence».

– Eg er her for å hevde ei av dei aller viktigaste norske interessene i Europa i dag og det er at britane blir i EU, sa Helgesen i følgje NRK 24. februar.

I ein artikkel i Newsweek 30. oktober utdjupa Helgesen synspunktet.

«På mange måtar er Noreg like integrerte i EU som Storbritannia er. Vår handel med EU-landa utgjer ein større del av handelen vår, enn den gjer for Storbritannia. Vi har fleire arbeidsinnvandrarar frå EU-landa enn Storbritannia. Vi er med i Schengen», skreiv Helgesen.

«Våre økonomiske bidrag er på linje med samanliknbare EU-medlemsland, men vi har ikkje rett til å røyste i Europa», hevda Helgesen.

Også tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide, som no er direktør i Verdens økonomiske forum, kasta seg inn i den britiske debatten. I eit innlegg i the Guardian 27. oktober åtvara også han mot den norske løysinga.

«Som eit EØS-medlem deltek vi ikkje i avgjerdsprosessane i Brussel, men vi må lojalt rette oss etter avgjerdene som blir fatta. Vi har innført om lag tre fjerdedelar av EU-rettsaktene i norsk rett, og talet aukar», skreiv Espen Barth Eide.

«Om Storbritannia skulle velje denne vegen, ville dei halde fram med å betale, halde fram med å ‘bli styrt frå Brussel’ og ville vere bundne av dei fire fridomane, inkludert fri rørsle [av arbeidskraft]».

Berre ni prosent medlem

29. oktober slapp Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU, til med ein kronikk i den største EU-kritiske avisa i Storbritannia, The Daily Telegraph. Under tittelen «Actually Mr Cameron, we Norwegians are happy, rich and free outside the EU», argumenterte ho for at Noreg har det bra utanfor EU, og for at Noreg heller ønskjer eit enda friare forhold til EU. Ho avviste også påstandane frå Vidar Helgesen og Espen Barth Eide om at Noreg er omfatta av tre fjerdedelar av EU-rettsaktene.

«Faktisk ligg det meste av regelverket EU vedtek utanfor EØS. Mellom 2000 og 2013 innførte Noreg 4 723 direktiv og forordningar frå EU gjennom EØS-avtalen. I same periode vedtok EU 52 183 rettsakter. Av alt EU-lovverket vart berre ni prosent teke inn i EØS-avtalen», skreiv ho.

«Likevel er det slik at omfanget av EØS-avtalen aukar. Viktige norske politikkområde som energi, forvalting av naturressursar, alkohol-lovgjevnad og regelverk mot sosial dumping har vorte utfordra av EØS-avtalen. Meiningsmålingar viser at eit fleirtal meiner EU har for stor makt i Noreg».

Det er også grunnen til at Nei til EU ønskjer å erstatte EØS-avtalen med ein tosidig handelsavtale.

Island tilrår utmelding

I oktober møttest David Cameron med sine nordiske kollegaer på Island. Der hadde den islandske statsministeren, Sigmundur Gunnlaugsson, gode råd til britane. I følgje BBC 28. oktober meinte Gunnlaugsson at ei lausare tilknyting til EU kunne vere betre for Storbritannia. For Island sin del meiner han det var avgjerande at dei var utanfor EU for å kunne handtere finanskrisa.

– For det første var det avgjerande å ha vår eigen valuta. For det andre var det viktig å ha kontroll over våre eigne lover for å kunne handtere dei spesielle problema vi møtte gjennom den økonomiske krisa, til dømes med kriselover, og for det tredje var det avgjerande å kontrollere våre eigne naturressursar, sa Gunnlaugsson til BBC.

BBC spurte vidare Gunnlaugsson om den islandske tilknytinga til EU er ein modell for Storbritannia.

– Eg vil ikkje fortelje britiske politikarar kva dei skal gjere, men når det gjeld EU-medlemskap så er det kanskje ein av tinga dei kan sjå på, sa han.

– Kanskje eit tredje alternativ er betre for Storbritannia, sa Sigmundur Gunnlaugsson.

Fakta: 

Britiske krav til EU

Statsminister David Cameron har laga ei liste med område der Storbritannia ønskjer reform av EUs felles politikk.

  • Vern av den indre marknaden for Storbritannia og andre medlemsland som ikkje er i eurosonen.
  • Styrke konkurranseevna gjennom å redusere byrden for næringslivet.
  • Storbritannia vil ikkje bli bundne av EUs ambisjonar om «ein stadig tettare union», og ønskjer i staden å styrke dei nasjonale parlamenta.
  • Gjere det vanskelegare å få velferdsgode for EU-migrantar, både i og utanfor arbeid. Cameron krev at migrantar ikkje skal få tilgang til velferdsordningane før dei har budd i Storbritannia i fire år.

Fleirtal for utmelding

Ei meiningsmåling i desember viser fleirtal for EU-utmelding i Storbritannia. Målinga var utført av ICM for Ut av EU-kampanjen. 42 prosent av dei spurte vil ut av EU, mot 41 prosent som vil bli verande i unionen.

Målinga viser også at 45 prosent vil ut av EU dersom ikkje retten til fri rørsle i EU-området vert innskrenka. 40 prosent vil likevel inn i EU.

NTB 15. desember 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook