Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Handlefridom utanfor EU
Paneldebatt

Handlefridom utanfor EU

Aktiv Europapolitikk er å bruke den handlefridomen vi har utanfor EU, trass i at vi er bundne av EØS-avtalen. Noreg snakker framleis med ei eiga stemme, seier Ågot Valle

Neipolitikarane i panelet har ulike syn på kva som meinast med ein aktiv europapolitikk, men er samde om at det er større rom for ein sjølvstendig europapolitikk utanfor EU.

– Våre standpunkt treng ikkje gå gjennom vaskemaskina med 25 andre land, men EØS-avtalen reduserer mykje av det politiske handlingsromet. Difor må vi ta opp sakene ute i det offentlege rom. Riksrevisjonen har kome med kraftig kritikk måten den førre regjeringa brukte handlingsromet, seier Ågot Valle.
– Vi må gjere mykje meir for å få i gang debatt. Rammenotata som er grunnlag for debatt i Stortinget har kome når avgjerdene reelt var tekne i Brussel. Dermed var føresetnadane for den opne debatten ikkje tilstades, seier ho.
– Det eg ser for eg er at fleire saker kan takast for heile Stortinget. Eg ønskjer at EØS-utvalet i stor grad vert erstatta av offentleg debatt og handsaming i Stortinget.
Ågot Valle meiner ein meir aktiv norsk europapolitikk vil vise resten av Europa at det er verd å stå utanfor EU.
– Reservasjonsretten er reell og kan brukast dersom viktige interesser står på spel. Dersom vi brukar reservasjonsretten for å trygge helse, miljø og tryggleik vil det vere til støtte for EU-kritikarar over heile Europa. Vi vil bruke vetoretten for å stogge tenestedirektivet, slår ho fast.

Solidarisk nei

Jon Lilletun frå KrF er oppteken av at så lenge vi har fleirpartiregjeringar i Noreg vil dei basere seg på det same EU-synet.
– Uansett om regjeringa heiter Bondevik 2 eller Stoltenberg 2 er det KrF sin europapolitikk som vert lagt til grunn. Det kan ikkje etablerast regjering i Noreg som ikkje slår fast at det ikkje skal søkast om EU-medlemskap, seier han.
– Vi treng ein aktiv europapolitikk, som baserer seg på eit nei til unionen, i solidaritet med vanlege folk i Europa, som igjen må ha solidaritet med folk i resten av verda.
Trygve Magnus Slagsvold Vedum frå Senterpartiet snakkar varmt for EØS Pluss.
– Vårt prosjekt er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kven ein er og kvar ein bur. For å få til dette må ein ha politisk styring og vilje til politisk styring, slår Vedum fast.
– Regjeringa skal hevde norske interesser meir effektivt i høve til EU og EØS. Vi skal ha ei meir offensiv haldning. Regjeringa vil legge opp til ein folkeleg debatt rundt EØS Pluss-strategien. Schengen-evalueringa er sett i gong. Viktige EU-framlegg må sendast på høyring før dei skal handsamast i Stortinget. Dette vert viktig også i høve til tenestedirektivet. Vi må vite at vi har hatt ein brei og grundig prosess i tilfelle vi må ta bruk vetoretten, seier han.
Trass i at utanriksministeren er EU-tilhengar, meiner Slagsvold Vedum han gjennomfører ein meir aktiv europapolitikk på ein god måte.
– Jonas Gahr Støre tør å fronte norske standpunkt, seier han.

Motverke EU-politikk

Torstein Dahle, leiar i RV, meiner målet må vere å motverke EUs dårlege politikk.
– Vi må ha ein aktiv europapolitikk for å påverke EUs politikk til å spele ei betre rolle i høve til dei fattige landa. Europapolitikken må hindre effektane av dei fire fridomane, utnytte handlefridomen utanfor, og forsøke å utvide handlefridomen. Og viktigast er det å forsøke å få avvikla EØS-avtalen, seier Dahle.
– Det er viktig å arbeide for ny ervervslov, for heimfallsretten. No sonderar regjeringa kva vi kan få aksept for i Brussel. Men folk i Noreg vert ikkje invitert til å diskutere dette. Det er heilt bakvendt. Først må vi debattere innhaldet i dei viktige spørsmåla, slik at det ikkje er sonderingane i Brussel som legg premissane for kva vi skal diskutere i Noreg, seier han.
Frykta for konsekvensane har til no hindra bruken av vetoretten. Men dei teoretiske diskusjonane vil ikkje gje oss svaret.
– Det er fint å få vite kva eit veto inneber, men det vil vi ikkje få vite sikkert før vi har prøvd det. Men vi er ein viktig handelspartnar for EU, og EU vil verte sterkt skadelidande om dei set i verk sanksjonar mot oss, påpeikar Dahle.

Vaksine mot medlemskap

Martin Henriksen er nestleiar i AUF og representerte AUF og neisida i Arbeidarpartiet i debatten.
– Utanfor EU kan vi føre ein aktiv nasjonal politikk og ein aktiv internasjonal politikk. I EU er nasjonal politikk eigentleg EU-politikk. Vi kan verte betre til å påverke saksgangen tidlegare og vi kan ha meir bilateralt samarbeid med EU-landa. Ein aktiv europapolitikk kan ikkje skje utan ein aktiv europadebatt, seier han.
Men lovnadane om ein meir aktiv europapolitikk forpliktar.
– Aktiv europapolitikk kan vere ei vaksine mot EU-medlemskap. Faren er om vi ikkje får til noko å vere skryte av. Om Noreg fører ein dårleg europapolitikk vil det kunne vere eit viktig argument for jasida, slår Martin Henriksen fast.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook