Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Handlingsrommet er b...

Aktiviteter

Flere aktiviteter

Det er mange grunnar til å vera uroleg for TISA, spesielt på grunn av dei såkalla frys- og skralle-bestemmelsene. 

- Handlingsrommet er bare eit bøttekott

30-40 menneske møtte fram på Hotell Residence i Sandnes laurdag 29. april for å høyra Rolv Rynning Hansen frå Fagforbundet og Ole Kvadsheim frå Ungdom mot EU snakka om TISA. TTIP og EØS.

Rynning Hanssen er rådgivar i Fagforbundet med spesialansvar for å følgja forhandlingane om overnasjonale «frihandels»avtalar. Det er mange slike. TTP (gjeld USA og mange stillehavsland) er skrinlagt av Trump, og dermed er TTIP (planlagt fellesmarknad for USA og EU) lagt på is — men ikkje gitt opp. TISA blir forhandla mellom 50 land (USA, EU og fleire utvikla land, blant dei Norge) og skal etter planane omfatta all handel med tenester. Trump har ikkje uttala seg om denne avtalen, men forhandlingane er også her sett på vent. 

Det er mange grunnar til å vera uroleg for TISA, spesielt på grunn av dei såkalla frys- og skralle-bestemmelsene: dersom eit område er sett ut til marknaden, kan det aldri tas tilbake. Det betyr ingenting om folk skiftar politisk styre gjennom val, det som ein gong er privatisert gjennom TISA, skal vera privatisert for all framtid. Ole Kvadsheim, nestleiar i Ungdom mot EU, tok fram korleis EØS-avtalen grip inn i stadig fleire samfunnsområde. Den såkalla verftsavtalen (om avlønning av innleigde verftsarbeidarar) og Holship-dommen (om hamnearbeidarstreiken) viser at ILO-konvensjonar og tilmed norsk lov må vika for EØS-avtalen.

— Kor er det mye omtalte handlingsrommet, spurde Eldar Myhre, leder i Fellesforbundet Avdeling 25, i debatten. Det ser mest ut som eit bøttekott. Rynning Hanssen understrekte at det finst eit handlingsrom som er viktig å utnytta. Det er når stat og kommunar set noko ut på anbud. EØS-avtalen seier ikkje at ein må konkurranseutsetta. Det er fullt mulig å utføra tjenesten i eigen regi. Dette må norske rådmenn og ordførarar læra! Men i arbeidslivet er handlingsrommet nærmast ikkje-eksisterande, slo han fast

Tema for møtet var TISA, TTIP, EØS — fri handel eller markedsdiktatur? Kan demokratiet overleva under overnasjonale «frihandels»avtalar? Møtelyden verka samstemte i at svaret var nei, og at EØS-avtalen må seiast opp.

Bildene viser fra topp Ole Kvadsheim, Eldar Myhre og Rolv Rynning Hanssen 

Eldar Myhre
© Jarle Vines
Rynning Hanssen

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook