Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Har greidd oss greitt
Bård Vegard Solhjell

SVs nestleder hilser Nei til EUs landsmøte.

- Har greidd oss greitt

- Hugsar de Gro, folkens? For seksten år sidan sa ho at vi måtte bli med i EU for å trygge velferden. Men la oss ta ein titt rundt i Europa. Vi har greidd oss så nokonlunde greitt, har vi ikkje? Parlamentarisk leiar i Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, helsa landsmøtet med eit rask tilbakeblikk.

Dagens situasjon for EU vart karakterisert som stadig råare marknadsliberalisme kombinert med ei gresk tragedie som har spreidd seg til heile euro-området.

Solhjell applauderte Nei til EU sitt fokus på alternativ til EØS, og minna dessutan om eit viktig argument for å framleis stå utanfor EU.

- Verda treng sjølvstendige stemmer som kan ta opp dei radikale standpunkta, slo nestleiaren i SV fast.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook