Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Helen Bjørnøy: Vil ha...

Helen Bjørnøy: Vil ha Nei til EU i ryggen i miljøarbeidet

Miljøvernminister Helen Bjørnøy vart motteken med jubel då ho helsa Nei til EUs landsmøte. Ho var nestleiar i Nei til EU i EU-kampen i 1994.

Ho vart ønskt velkomen attende av Heming Olaussen, som for sikkerheits skuld verva ho på nytt til Nei til EU.

- Dette er politisk sett ein av mine heimstadar. Sjølv om eg ikkje har vore så aktiv dei siste åra, har eg vore nært knytt til Nei til EU, og neisaka har vore ein viktig del av meg i mange år.

- Eg er heldig som er i ei regjering der som har sagt at vi både ønskjer ei ny retning på politikken og ei ny form på det politiske uttrykket. Vi vil invitere organisasjonane og dei politiske miljøa til diskusjonar.

- Målet med denne regjeringa er meir solidaritet og rettvis fordeling. Og å gjere Noreg til ein sterkare miljønasjon. Vi vil auke prioriteringa av miljøsakene i Noreg, og i dei internasjonale fora vi er med. Denne regjeringa har forplikta seg på å ikkje søke EU-medlemskap. Men det må ikkje føre til at vi ikkje diskuterer EU. Å halde på EU-motstanden krev at det vert ført ein kontinuerleg og aktiv debatt om EU-saker.

- Det hjelp ikkje med ein miljøvernminister som står åleine og ropar miljø, miljø eller ulv, ulv. Vi treng mobilisering og engasjement, Nei til EU har kunnskapen og innsikta, treninga og engasjementet. Takk for at eg har dykk i ryggen for det viktige miljøarbeidet. Vi skal jobbe med dei vesentlege spørsmåla. Ikkje tulle med alt anna!

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook