Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Helsing frå Fagforbund...
Kathrine Kleveland takkar Odd Haldgeir Larsen frå Fagforbundet, som helsa landsmøtet i Nei til EU.
© Sindre Humberset

Kathrine Kleveland takka Odd Haldgeir Larsen for helsinga, og støtten, frå Fagforbundet. 

Helsing frå Fagforbundet: – Takk for den jobben de gjer!

Odd Haldgeir Larsen helsa landsmøtet i Nei til EU frå Fagforbundet.

– Kjære landsmøte. Det er godt å vere i denne forsamlinga her. Fagforbundet set stor pris på den jobben Nei til EU gjer. Vi dreg stor nytte av den.

– Vi i Fagforbundet har som mål om å gjere arbeidslivet betre for alle. Vi ønskjer arbeidsinnvandrarar velkomne til Noreg, men det må skje i ordna former.

– Vi må finne ein felles politikk for flyktningkrisa. Vi har eit ansvar for folk på flykt.

– Fagforbundet arbeider med TTIP og TISA. Vi er skeptiske til forhandlingane som skjer i det skjulte. Vi fryktar at regjeringa forhandlar bort rettar som vi har brukt lang tid på å forhandle fram.

– Det er viktig at Nei til EU set dagsorden gjennom utspel og debattar. Eg ser fram til vidare fagleg samarbeid mellom Fagforbundet og Nei til EU. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook