Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Helsing frå FO: Nei ti...
Mimmi Kvisvik frå Fellesorganisasjonen helsar landsmøtet.
© Eivind Formoe

Mimmi Kvisvik helsa landsmøtet frå Fellesorganisasjonen. 

Helsing frå FO: Nei til EU er alliert i kampen for den offentlege velferda

Leiar Mimmi Kvisvik i LO-forbundet Fellesorganisasjonen helsa landsmøtet i Nei til EU.

– Kjære venner. Eg er gjest her, men føler meg meir som ein familievenn. Våre organisasjonar står for mykje av dei same verdiane. Eg føler meg også heime i Nei til EU fordi eg har site i kvinneutvalet i meir enn ti år.  

– Vi er uroa fordi meir av velferda vert sett ut i marknaden. Vi er uroa for at det vil svekke velferda og gje våre medlemer dårlegare vilkår.

– Å gjere velferd til butikk er ein del av regjeringa sin politikk. Vidare kjem det same presset frå dei internasjonale forhandlingane om handel med tenester. Vi er ikkje trygge på at velferdstenestene ikkje vil bli omfatta av disse forhandlingane. Vi vil setje søkelys på TTIP og TISA.

– For det tredje kjem åtaka frå EØS og EU. FO valde å seie frå på vår kongress. Tida er inne for ei anna tilknytingsform til EU enn EØS-avtalen.

– For å møte desse åtaka på den offentlege velferda må vi vere mange. Nei til EU er ein sentral alliert i dette arbeidet og difor er dei ei glede å helse dykk. Eg vil ønskje dykk, det vil seie oss, eit godt landsmøte. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook