Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Helsing frå NtEU til S...

Helsing frå NtEU til Senterpartiets landsmøte 5.–7. april 2013

Håkon S. Giil, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Nei til EU helste Senterpartiets landsmøtet 5.–7. april i Loen på vegner av oss.

Ordstyrar. Landsmøte.

Takk for invitasjonen. Til lukke de som har fått tillit og teke på dykk leiaroppgåver i SP Det gjeld alle, men spesielt leiartrioen med Liv Signe i spissen.

Eg har fått eit ærefullt oppdrag, som sjølvsagt vert utført med stor glede – å helse Senterpartiet frå Nei til EU på vegner av leiar Heming Olaussen, som skulle stått på talarstolen her og no. Og leiar Heming har forventningar til oss – når det gjeld meg, kva eg skal seie, - når det gjeld Senterpartiet, kva de skal gjere.  Han har store forventningar til at SP no, fram mot valet tek leiinga i kampen mot EUs forslag om å konkurranseutsetje all jarnbanetrafikk – jarnbanepakke 4. Eg vel å tru at de har merka dykk kva han skreiv om dette i Nationen sist tysdag. Dette er NTEU si konkrete hovudutfordring til dette landsmøtet. Vi vonar og trur at landsmøtet og samferdsleministeren vil fylgje opp denne appellen.

Kjære Senterpartiet. NTEU er ein tverrpolitisk organisasjon.  Det må likevel vere lov å seie at vi er uendeleg glade for at de er det de er – og der de er. Vi ser at i ein annan posisjon enn i dagens raud-grøne samarbeid, kunne de ha levd eit friare liv, men vi ser også at det gror i plogforene Dykkar, men at til tider kan plogen vere tung å dra. Også steinut jord treng pløying. Utan å gå for mykje i detalj, har de fått til løysingar i høve til EU som regjeringsopposisjonen i førevegen dømde nord og ned og i ettertid prøver å snakke ned. Dette gjeld til dømes forvaltinga av arvesylvet vårt, fossekrafta.

I NTEU er det meir enn eitt syn på EØS, både historisk og utfrå dagsens tilhøve. Det lever vi godt med. Men utan SP og SV sin innsats i regjeringa, vil eg tru at stortingsmeldinga om EØS, med sine «Sentrale prioriteringerog virkemidler i norsk europapolitikk»,  ikkje hadde sett dagsens lys. No gjekk denne stortingsmeldinga i fyrste omgangen under i dragsuget etter den noko overraskande fredsprisutdelinga til EU, som fekk hovudoppslaga i pressa dei fylgjande dagane. Men å gå under i eit dragsug er inga tragedie, det viktige er å dukke opp att og framleis leve eit liv.

Dette er no om lag  seks månader sidan, stortingsmeldinga ligg der, klar for handsaming i Stortinget, men vi har ikkje den EØS-debatten som naturleg burde ha fylgt i kjølvatnet av meldinga – ein debatt  som det og har vorte gjort forsøk på å avlive.

Men det er mi tru at debatten nok kjem.  Fram til LO-kongressen 2009, var EØS eit ikkje-tema i norsk politikk, sjølv om mellom andre SP prøvde å rette søkjelyset på ei utvikling der EØS meir er ei tvangstrøye enn ei livbøye for  Noregs tilhøve til EU.

 Det er no om lag ein månad til LO-kongressen. Eg vel å tru at fagrørsla ikkje i lengda kan leve med dei massive åtaka på dei faglege rettane som EØS-avtala har medført, gjennom krokvegar, snarvegar, omvegar og domsavgjerder.  Eg tenkjer mellom anna på etterverknadene av den såkalla Laval-kvartetten, dommar der faglege rettar vart suverent sette til sides.

Det vekte oppsikt då også Fellesforbundet løyvde midlar til den såkalla Alternativrapporten.  Og det finst andre teikn til positiv utvikling, sett frå min synsstad.  Noreg har for fyrste gong varsla bruk av reservasjonsretten i EØS (postdirektivet).  Og Regjeringa har avvist at «offshore-forordninga» skal vere EØS-relevant, føreslege å bruke tollvernet til vern av norsk landbruksproduksjon, og signalisert vilje til å verne ILO-konvensjonen 94 mot EU .  Bra – eller rettare godt. På dagsordenen står no det før nemnde framlegget om  privatisering av persontrafikken jernbanepakke 4, overføring av mynde til EUs finanstilsyn, det nye helsedirektivet og mogleg omkamp om postdirektivet.

Meiningsmålingar viser at eit fleirtal av det norske folket ynskjer å erstatte EØS-avtala med ei meir avgrensa handelsavtale. Eg vonar at dette vil prege valkampdebatten og arbeidet i den nye stortingsvalperioden.  

Krisa i EU burde ikkje vore uventa, ho er ei fylgje av at marknadskreftene har fått spele fritt utan politisk styring. EU sine tiltak, basert på marknadsliberalistiske prinsipp, er feil medisin. Sosialøkonomen John Keynes fekk sin Nobelpris for sine analysar der han mellom anna føreskreiv mot-konjunkturpolitikk som ein del av ei nødvendig krisehandtering. I seinare tid har den amerikanske professoren Paul Krugman meisla ut tilsvarande mottiltak. Japan er omsider i ferd med å gjennomføre ein mot-konjunkturpolitikk. Noreg skal vere glad for Senterpartiet sin lange og hardnakka motstand mot medlemsskap. Vi har, sjølv med EØS, eit visst høve til å føre mot-konjunkturpolitikk, har gjort det og har høve til det, mellom anna fordi vi ikkje er medlem.  Alternativrapporten har dokumentert at vi ikkje treng EØS for å ha marknadstilgang og at det finst alternativ, gode alternativ.

Endå eit val utan debatt om EØS – kan det vere mogeleg? NTEU veit at dette ikkje er berre opp til SP, men vi vonar og trur at de vil gjere dykkar del av denne jobben, utan å late seg binde opp.  NTEU er trygge nok på sitt faglege truverde til at vi lovar å stille opp med vår kompetanse – for SP som for andre parti.

Det er mi overtyding at det er bruk for SP i norsk politikk – di sterkare partiet står, di betre. Vi ynskjer Sp god debatt, god valkamp, og framfor alt – eit godt valresultat.  Takk for merksemda.  

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook