Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Hjelp EU med fiskerifo...

Om Nei til EU

Ditt fylke

Vignett - landbruk og fiskeri

Hjelp EU med fiskeriforvaltninga, Dag Terje Andersen!

Landsmøtet i Nei til EU oppmodar regjeringa ved fiskeriminister Dag Terje Andersen

til å styrkje arbeidet for å få EU med på ei betre forvaltning av fiskeriressursane i Skagerrak og Nordsjøen. Situasjonen er at fleire fiskeslag er dramatisk nedfiska utan at EU har vore villig til å endre fiskeripolitikken på dette området.

Last ned uttalelsen her

EU må oppheve påbodet om utkast av uønska fisk og skjerpe inn kontrollen av fisket slik at overfiske av kvotane kan verte avslørt. Statsråden må krevje at det vert innført metodar for fiske som sparer ungfisk.

Fiskeressursane er eit felles gode. Vi ber om at Fiskeridepartementet sikrar at fiskekvotar også i framtida vert verande i det norske folket sitt felles eige. Fisket må opnast for nye yrkesutøvarar og løyve til å fiske må vere gratis.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook