Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / I møte med britisk EU-...
© NtEU

I møte med britisk EU-debatt

Oslo Nei til EU dro i januar på studietur til London får å læra meir om britisk EU-debatt føre folkerøystinga som regjeringa har lova. I desember hadde fylkeslaget eit seminar om temaet, med innleiarar både frå Storbritannia og Noreg, og turen bidrog til eit endå meir samansett bilete av dei britiske neisida.

Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og vara til styret Dag Seierstad var òg med, saman med åtte frå Oslo-laget. Leiar i internasjonalt utval, Helle Hagenau, hadde sydd saman det interessante programmet. Ho har tidlegare vore generalsekretær i TEAM , den internasjonale organisasjonen for EU-kritiske rørsler, og for Trade Unions against the Single Currency i Storbritannia, og nytta dei gode kontaktane sine for å få til alle møta.

 

Vote Leave og Leave.eu

Vote Leave er ein paraplyorganisasjon for fleire av ut-organisasjonene, mellom anna Conservatives for Britain , Better Off Out og Business for Britain . Dei er godt organiserte, og vi overvar eit av dei vekevise kontaktmøta. Helle Hagenau og Kjell Dahle innleidde om norsk EU-motstand og dei to folkerøystingane vi har hatt, noko dei var svært interesserte i å høyra meir om. Helga før hadde dei hatt 32 standsaksjonar spreidd ut over England.

Leave.eu er den andre store paraplyorganisasjonen, der både UKIP, Grassroots Out, MP-ar frå fleire parti og uavhengige deltek. Dei satsar på trening av aktivistar og kampanjar på sosiale media. Dei har òg mange kvinner som frontfigurar. Dei var interesserte i å senda nokre nykelpersonar til Noreg for å møte NtEU og høyra meir om våre erfaringar.

Valkommisjonen vil peika ut éin offisiell ut-kampanje når forhandlingsresultatet og røystedatoen er fastsett. Der er denne kampanjen som vil få høve til å bruka mykje pengar til sin kampanje, saman med ein tilsvarande på «stay»-sida. Det er vårt inntrykk at Vote Leave og Leave.eu vil finna saman i ein felles kampanje når det skjer. Det er lite tradisjon for tverrpolitisk organisering i Storbritannia, men signala gjev von om at det er mogleg etter kvart. Vi frå NtEU la vekt på at det er heilt naudsynt at dei samarbeider og finn fram til eit minste felles grunnlag, folkestyre mot Brussel-byråkrati.

 

EU-bakvendtland

For å forstå skilnadene på den norske og den britiske EU-debatten, er det naudsynt å ha litt bakgrunnsinformasjon og ein viss kjennskap til soga.

Sjølv om ein gjerne kan dra linene heilt attende til borgarkrigen på 1600-talet, nøyer vi oss me å sjå på 1980- og 90-talet. Med Margaret Thatcher ved roret vart fagrørsla og dei faglege rettane «knust». Medan EU i Noreg utfordrar den faglege kampen i dag, har EU vore sett på som ein garantist for eit visst vern mot høgreorienterte regjeringar i Storbritannia – Blair-regjeringa inkludert. I eit så klassedelt samfunn som det britiske, vert EU sett på som ei kraft for sosial utjamning.

I tillegg står det konservative partiet sterkast på landsbygda, medan Labour står sterkt i bystrok.

Desse to skiljelinene gjer at ja og nei er snudd på hovudet, i høve til kva vi er vande med frå norsk EU-debatt. Fagrørsla er i hovudsak mot utmelding av EU, medan dei konservative og mange leiande bedriftseigarar går for. Sjølvsagt finst det unnatak, både i fagrørsla og i Labour.

 

UK Independence Party

Eit parti som bryt med dette mønsteret, er UKIP . Dette høgrepopulistiske partiet har vore leiande og størst i EU-motstanden i mange år, ikkje minst takka vera leiaren Nigel Farage, som er medlem av EU-parlamentet.

Vi hadde ein lang lunsj med Farage den fyrste dagen av studieturen. Som venta er det mykje som skil oss i Nei til EU frå UKIP, ikkje minst at det liberalistiske partiet ynskjer Storbritannia ut av EU for å sleppe alle reguleringane og pålegga frå Brussel. Det vi har felles er sjølvsagt ynsket om ein suveren stat der folkestyret rår. Det er òg slik at UKIP har ein del argumentasjon for den britiske arbeidarklassen. Men det er ikkje til å skjula at avgrensing av (arbeids-)innvandring står sentralt for partiet. Dette har gjort samarbeid mellom UKIP og fagrørsla umogleg, medan dei konservative òg ofte er skeptiske til dei.

 

Fagrørsla og Labour

Vi møtte både RMT , som er største fagforeininga i transport, og Unite , som er største fagforeininga i Storbritannia og Irland. RMT er grunnleggande mot EU og har mykje sams med norsk fagrørsla når det kjem til EU-kritikk. Mick Cash, generalsekretær i RMT, møtte oss og presenterte kvifor hans organisasjon så klart er mot EU-medlemskapen. Dei ser at EU har ein nyliberal agenda, og ikkje minst er dei mot jernbanepakke IV. Dei har òg den same kritikken som oss når det gjeld sosial dumping. RMT er ikkje mot innvandring og dei er heller ikkje for ein EØS-avtale eller TTIP for Storbritannia.

Unite er grunnleggande for EU-medlemskapen av di dei meiner britiske regjeringar utan EUs tyglar vil vera verre. Unite har 1, 4 millionar medlemer. Dei har drøfta EU-spørsmålet nøye på kongressane sine. Dei ser ikkje EU som det ideelle, men som det minste av to onde. Dei er òg for euroen og Schengen-avtalen for Storbritannia. Det næraste vi kom ei innrømming, var at EU med naudsyn ikkje er det beste for andre land som har betre faglege rettar enn Storbritannia.

Meir om fagrørsla og EU-debatten i Storbritannia kan du lesa her (av Dag Seierstad).

Vi møtte Kelvin Hopkins MP frå Labour berre nokre dagar føre han var med på lanseringa av Labour Leave . Han hadde mykje av den same EU-kritikken som RMT og som vi frå Noreg. Han trekte fram at TTIP kan verta avgjerande for mange i Labour i EU-spørsmålet.

Vi møtte òg med sir William Cash MP frå Dei konservative. Han har vore sentral i konservativ EU-motstand i mange år og er nestleiar i Conservatives for Britain og leier European Scrutiny Committee i Underhuset.

 

Utbyterik tur

Det er ingen tvil om at den britiske røystinga vil vera avgjerande for EUs utvikling og dimed påverka den norske debatten. Vil vi sjå eit EU i fleire hastigheiter eller får vi eit EU utan Storbritannia, som då vil kunna forhandla fram ein normal handelsavtale, ein avtale som vi i NtEU ynskjer for Noreg? Korleis til eit ut-resultat i Storbritannia påverka Skottland, som i det store ynskjer å verta verande i EU av di dei heller vil styrast av Brussel enn av London?

Når røystinga kjem, veit vi ikkje enno. Den kan koma alt i juni – eller den kan koma i 2017. Alt avheng av kva Cameron-regjeringa oppnår og korleis dei trur dei kan vinna. Vi som tok del på studieturen fekk eit godt bilete av stoda no i dei ulike ut-leirane. Noregs tilhøve til EU har vore mykje framme i ordskiftet i Storbritannia, og Kathrine Kleveland har hatt fleire oppslag i britisk presse. Det vert spanande å fylgja prosessen vidare og bidra med det vi kan.

 

Les òg:

The Sunday Telegraph , 16.1.16

– Britisk debatt minner om 1994 , 18.1.16

Går i retning av utmelding av EU , 22.1.16

The Sun , 24.1.16

Breitbart , 25.1.16

 

Paraplyorganisasjonane:

Vote Leave

Leave.eu

© Kjell Arnestad
© NtEU
© Kathrine Kleveland

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook