Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Ingen grunn til optimi...

Slagordet for festen ved Brandenburger Tor var ”Europa wird 50. Feiern Sie mit!”, Europa blir 50. Bli med på festen! Konferansieren fekk også med seg festdeltakarane på ropet. Han ropte ”Europa!” og dei svarte ”wird 50!”.

– EU har invitert til å feire femtiårsdagen for ”Europa”. Kor gammalt er Europa?

– Det er eit komplisert spørsmål. Men Europa er i alle fall eldre enn femti år! Og EU er mykje yngre enn femti år. Det vi feirar er femtiårsjubileet til Kol- og stålunionen, til Romatraktaten, svarar Peter Gustavsson.

Ingen grunn til optimisme i Berlin

– Eg er realistisk om grunnlova, og med realistisk meiner eg ikkje optimistisk, seier Tysklands kanslar Angela Merkel. Før EUs femtiårsfeiring var det venta framsteg for grunnlova. No er det lita trøyst for grunnlovsoptimistane.

I Berlin: Sindre Humberset og Maria Walberg

Søndag 25. mars var femtiårsdagen for underskrivinga av Romatraktaten. EU feira dagen i alle hovudstadane men ingen stad var det planlagt større feiring enn i Berlin. Både fordi Tyskland fram til sommaren har formannskapen i EU men også fordi EU ønskte å drage trådar tilbake til samlinga av Tyskland i 1990.

Midt i sentrum av Berlin var to viktige hendingar i ferd med å utspele seg. Ute samla tusenvis av Berlinarar og andre seg til feiring i den nydelege vårdagen. Inne samla statsleiarane frå EU-landa seg til uformelt toppmøte, der den viktigaste saka var å forsøke å kome ut av krisa som råka unionen då Frankrike og Nederland sa nei til EU-grunnlova i 2005. Resultatet av toppmøtet skulle bli Berlin-deklarasjonen, eit dokument som var tenkt å vise vegen ut av krisa.

Berlin-deklarasjonen

Den endelege teksten var ikkje signert av statsleiarane, men av leiarane av dei tre viktigaste EU-institusjonane. EU-kommisjonens president José Manuel Barroso, EU-parlamentets president Hans-Gert Pöttering og den tyske forbundskanslaren Angela Merkel som dette halvåret har formannskapen i EUs ministerråd.

Den to siders deklarasjonen var trykt opp på tjukt papir, men innhaldet var tynt. EU-leiarane slår fast at dei er ”for fred og fridom, for demokrati og for rettsstaten, for gjensidig respekt og delt ansvar, for velstand og tryggleik, for toleranse og deltaking for rettferd og solidaritet”. Ikkje vanskeleg å vere samde i dette, men likevel var det ein kamp å få gjennom denne teksten.

Må endre namn

Så var det saka dei var samla for å finne ut av. EU-grunnlova er ikkje ein gong nemnd i teksten. Konklusjonen på deklarasjonen er at EU-leiarane ”står saman i vårt mål om å plassere Den europeiske unionen på ein fornya felles basis før Europa-parlamentsvalet i 2009”. Der er ingen formuleringar som vil binde medlemslanda til noko som helst nytt.

På pressekonferansen med Merkel, Pöttering og Barroso etter at deklarasjonen var signert vart deklarasjonen likevel framstilt som eit lysande symbol på framgangen i det europeiske samarbeidet. EU-parlamentets president Hans-Gert Pöttering hadde si heilt eiga forståing av korleis krisa skal løysast.

– Vi må kanskje endre namn på grunnlova, men substansen blir den same. Vi må vere ferdige i løpet av 2009, sa han på pressekonferansen. Journalistane i salen greip ikkje fatt i denne oppsiktsvekkjande påstanden.

Kommisjonspresident Barroso hadde også eit perspektiv på kva som må til.

– Europa må ha meir effektive institusjonar som leverer resultat og som er sterke nok til å handle. Det er det befolkninga ønskjer av oss, sa han.

– Mislukka toppmøte

Konklusjonen til EU-kritikarane etter toppmøtet er den stikk motsette. Det var verkeleg ikkje mangelen på resultat som førte til nei i folkerøystingane i Frankrike og Nederland. Det var snarare mangelen på demokrati.

Peter Gustavsson, som er aktiv i Socialdemokratiska EU-kritiker i Sverige, meiner Berlin-deklarasjonen er bortimot verdilaus.

– Toppmøtet og erklæringa gav ikkje mykje i det heile. Statssjefane vart ikkje samde. Merkel snakka mykje på førehand om å gjenopplive grunnlova. Men freistnaden var mislukka. Dette styrkar inntrykket av eit EU i djup krise. Dei kjem ikkje forbi det faktum at to land har røysta nei til EUs grunnlov, seier Gustavsson.

Europabevegelsen feirar

Som nemnt i sist Standpunkt flytta Europabevegelsen heile sitt landsmøte med 75 utsendingar til Berlin i jubileumshelga.

– Det er følelsesmessig sterkt å være her. Vi har drømmer om at folkeflertallet hjemme forstår at vi hører med, seier Grete Berget, generalsekretær i Europabevegelsen til Aftenposten. I EU-rusen drog Europabevegelsen også fram sitt gamle prosjekt om at EU må få fredsprisen.

Grete Berget poserte for fotografane innhylla i EU-flagget og med sjampanjeglaset i handa. Dei mange tusen festdeltakarane ved Brandenburger Tor derimot var godt nøgde med øl, pølser, musikk og strålande vårsol.

Fest i Berlin

Og fest vart det. Det er uråd å seie kor mange tusen som var med på den åtte timar lange festen i områda rundt Brandenburger Tor. Mange berlinarar la søndagsturen forbi området og tok del i festen. Etter det vi fekk høyre var det gratis øl og pølse å få, men vi fann aldri det rette teltet.

Ei stor scene viste musikk- og kulturinnslag frå medlemslanda, og i gatene som leier inn mot scena var det telt med spesialitetar frå alle medlemslanda. Stemninga var som ei kryssing av ein marknadsdag og syttande mai. Og om lag like lite politisk innhald. Festen var mindre pompøs og meir folkeleg enn venta. Dei svulstige festtalane vart heller serverte i meir eksklusive krinsar på toppmøtet.

EU-kritikarar som Peter Gustavsson veit også å verdsetje ein god fest.

– Det er fint å feire med europearane. Dei er trivelege. Det er god mat og godt øl. Men det er eit teikn på at EU ikkje fungerer så bra når ein må arrangere store festar for seg sjølv.

EU ville opphavleg lage ei meir storslegen framsyning, men dempa arrangementet ned etter kvart som det vart klart at dei ikkje ville få framgang med EU-grunnlova på dette møtet. Gustavsson er ikkje overraska over at toppmøtet ikkje lukkast.

– Folk i Europa vil gjerne ha europeisk samarbeid. Statssjefane ville utnytte den reelle støtten til samarbeid for å forsøke å drive gjennom ein europeisk superstat, og jubileumsfeiringa heng saman med dette. Men folk vil slett ikkje ha ein superstat. Det har vi fått stadfesta i ei mange meiningsmålingar, seier Gustavsson.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook