Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Invitasjon til Nei til...

Invitasjon til Nei til EU si kvinnekonferanse

15.-16. oktober arrangerer Nei ti EU kvinnekonferanse på Håndverkeren i Oslo.

Hovudtema for konferansen er finanskrisa og korleis denne særleg påverkar kvinner sin situasjon.

Det blir innleiingar om EU sin likestillingspolitikk i teori og praksis, konsekvensar av EØS-avtalen for kvinner, og norsk EU-engasjement i eit kjønnsperspektiv.

Anne Casey frå irske LO kjem for å snakke om kvinner sin situasjon der, og leiaren i Norsk Bonde- og småbrukarlag, Merete Furuberg, vil ta for seg situasjonen for kvinner i landbruket i Noreg og EU. Vi jobbar med å skaffe fleire innleiarar frå inn- og utland.

Det blir underhaldning, felles middag på kvelden og stor vektlegging av det sosiale aspektet.

Set av helga no! Vi kjem tilbake med meir informasjon.

Påmeldingar og spørsmål kan rettast til:

Kvinnepolitisk sekretær Marianne Granheim Trøyflat, tlf. 98818871, e-post mariannegt@neitileu.no

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook