Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Jan Davidsen og Audun...

Om Nei til EU

Ditt fylke

Jan Davidsen og Audun Lysbakken helsa Nei til EU

Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet og SV-leiar Audun Lysbakken vart møtt med stående applaus, då dei helsa Nei til EUs landsmøte fredag 8. november. 

Besøket på Nei til EUs landsmøte var siste offisielle oppdrag for Jan Davidsen før han går av som leder i Fagforbundet. Han rosar Nei til EU, som den leiande krafta i nei-alliansen. 

– Alliansen som Nei til EU representerer har klart å snu folket over til å fatte fornuftige vedtak. Vi treng dei breie alliansane for vårt felles samfunn. Kanskje har det aldri vore så viktig som det er no, sa Jan Davidsen. 

– Nei til EU er den viktigaste informasjons- og faktaprodusenten innanfor EU- og EØS-området og den viktigaste politiske krafta for å sikre at dei partia stemmer som dei skal når EU- og EØS-sakene kjem opp i Stortinget. 

Jan Davidsen fokuserte også på ei av Nei til EU sine kjernesaker, kampen for folkestyret. 

– Mange trur at det er oljen som har lagt grunnen for samfunnet vårt. Men det er feil. Lenge før oljen var det folkevald styring over naturressursane som la grunnlaget for å bygge landet. Vi må i åra framover sikre at vi har eit sterkt folkestyre, slo Davidsen fast.

– Velferdsstatens ridder 
Nei til EU-leiar Heming Olaussen takka Jan Davidsen, og kalla han "Velferdsstatens kvite ridder".  

– Jan Davidsen har vore viktigare for Nei til EU enn dei fleste trur. Utan han hadde ikkje prosjektet Alternativer til dagens EØS-avtale vore mogleg, sa Heming Olaussen. 

 SV stiller med EØS-kampanje
– I anledning Nei til EUs landsmøte har SV starta ein liten EØS-offensiv mot den nye regjeringa, sa Lysbakken. Han viste til at datalagringsdirektivet ser ut til å verte eit problem for regjeringa, og at den nye regjeringa har varsla at dei vil trekke vetoet mot postdirektivet. 

– Vidare har Snorre Valen har stilt spørsmål om bankgarantiavtalen og Heikki Holmås stiller spørsmål om jernbanepakken, som kan tvinge på oss konkurranseutsetjing av jernbanen, sa Audun Lysbakken. 

– Det vi har lært er at vi godt kan seie nei til EØS-direktiv, men berre dersom det står ein sterk folkerørsle bak kravet. Og der står SV skulder ved skulder med Nei til EU. 

– Etter 1972 og etter 1994 vart det hevda at neisida vann folkerøystinga men har tapt kvar dag etter det. Det er det ingen som seier lenger. Det er ingen tvil om at den sigeren vi vann i 1994 har stor betydning. Vi står utanfor den katastrofale økonomiske og monetære unionen. Vi har utvikling i heile landet, i sterk kontrast til utviklinga berre rett over grensa i Sverige. Hensikta med EU har vore å skape ein kapitalens union. EU flyttar makt oppover i systemet og problem nedover, sa Audun Lysbakken. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook