Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Jubileumsboka viser...

Jubileumsboka vart lansert på Kulturhuset i Oslo. Her ser vi mellom andre Heming Olaussen, Anne Enger, møteleiar Cathrine Sandnes, Dag Seierstad og Bernt Aardal. 

- Jubileumsboka viser innsatsen og organisasjonsbygginga som sikra nei-et

- Eit hovudpoeng i boka er å vise den enorme innsatsen og oppbygginga av organisasjonen gjennom fire år fram til folkerøystinga. Det stod kanskje ikkje om livet, men det stod om kva samfunn Noreg skulle vere, sa Dag Seierstad på lanseringa av jubileumsboka "Folket sa nei". 

I eit overfylt rom på Kulturhuset i Oslo lanserte Nei til EU og Samlaget jubileumsboka "Folket sa nei", som dei i felleskap har arbeidd med i mange år.

Forlagsredaktør Ellen Skjold Kvåle presenterte bokprosjektet og forfattar Dag Seierstad. Han fortalde om boka og statsvitar og valforskar Bernt Aardal kommenterte bokprosjektet frå sin synsvinkel. 

- Det er veldig mange som har bidrege til denne boka, sa Dag Seierstad. Han har fått tekstar, bilete og innspel frå heile landet. Boka viser det store mangfaldet i aktiviteten frå Nei til EU i 1994.  

- I arbeidet med boka vart eg overvelda over kor mykje som skjedde kvar einaste dag, i nesten kvar einaste kommune over heile landet. I enkelte kommuner, jamvel ganske små, var det arrangement nesten kvar veke siste halvåret. Tittelen på boka kom til i stor takksemd over kor mange som gjorde ein ekstra innsats for å sikre nei-fleirtalet. 

- Det mindre hyggelege i boka, som eg også ville få fram, er argumentasjonen frå ja-sida dei siste månadane før folkerøystinga. Dei stod fram med påstandar dei måtte vite ikkje var sant. Det gjorde dei i rein desperasjon over meiningsmålingar som viste nei-fleirtal heilt fram til folkerøystinga. 

Dag Seierstad meiner Nei til EU si rolle slett ikkje er utspelt.

- Vi kan ikkje utelukke ein tredje EU-kamp. Så seint som i januar 2003 var to av tre som hadde bestemt seg for norsk EU-medlemskap. Det skal vel mykje til at EU framstår som meir freistande, men det kan skje ting i Noreg som gjer medlemskapsspørsmålet aktuelt igjen. 

Stolt forlagsredaktør 
Forlagsredaktøren for boka, Ellen Skjold Kvåle meinte dette har vore eit viktig prosjekt.  

- Eg er stolt av å presentere boka Folket seier nei. Dette har vore eit stort prosjekt for oss, sa ho. 

- Samlaget har også ei historie saman med Nei til EU. Vi ga ut Lesebok 1994, som vart delt ut til 1,8 millionar husstandar i 1994. Nei til EU er ein imponerande organisasjon som er flinke til å engasjere folk. 

- Nei til EU har stilt med ein bokkomité og ei biletgruppe, som har klart å få fram bilete frå bak kulissane i EU-kampen. Det enorme engasjementet som disse bileta viser, får tydeleg fram at "Folket sa nei".

- Viktig bok
Samfunnsvitar og valforskar Bernt Aardal hadde fått boka på førehand for kunne presentere eit anna blikk på jubileumsboka. 

- Dei store kjenslene som var involverte i EU-kampen er ganske oppsiktsvekkjande. Ja-sida hevda at neistandpunktet handla om snever nasjonalisme. Nei-sida meinte det handla om internasjonal solidaritet. Begge har sjølvsagt delvis rett. 

- Det viktigaste med boka er at den viser den store innsatsen til nei-sida. Det er sjølvsagt også ei minne- og mimrebok, noko som ikkje er negativt. Blikket innanfrå gjer boka meir interessant, sa Aardal. 

- I EU-kampen tok periferien opp kampen mot sentrum, noko som i seg sjølv ikkje er uvanleg i europeisk samanheng. Det som er oppsiktsvekkjande er at periferien vann. I 1994 hadde Nei til EU like mange medlemer som Ap og Høgre til saman, og var den største politiske organisasjonen i landet.  

- Eg vonar ja-sida også kjem med ei tilsvarande bok, men ut frå stemingsrapporten frå Europabevegelsen vi har sett i media den siste tida, så er det vel lite som tyder på det, spekulerte Aardal.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook