Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Kjempar mot EØS-konsek...
Klargjøring av ause Robert Nilsson

Klargrgjering av ause med flytande stål ved Celsa Armeringsstål i Mo i Rana. EØS-avtalen har kosta verksemda den differensierte arbeidsgjevaravgifta og kraftavtale, men verksemda har overlevd mot alle odds.

Kjempar mot EØS-konsekvensane

– EU gjer stort sett det som passar dei. Makta rår, seier Lars Eirik Nielsen, klubbleiar i Celsa Armeringsstål i Mo i Rana. EØS har kosta Celsa fordelen av låg arbeidsgjevaravgift, rimeleg industrikraft og har ikkje verna dei mot straffetoll.

Av Sindre Humberset

Lars Eirik Nielsen er leiar av jernverksklubben i det som tidlegare var Norsk Jernverk i Mo i Rana og som no heiter Celsa Armeringsstål. Standpunkt har også tidlegare omtalt stålprodusenten sin kamp mot EØS-systemet, men då heitte verket Fundia Armeringsstål.

– Jasida hevda at EØS-avtalen var livsnødvendig for eksportindustrien. Motstandarane sa at EØS-avtalen hadde mange negative sider, mellom anna kunne den differensierte arbeidsgjevaravgifta verte råka. Jasida avviste dette med å vise til at EØS-avtalen ikkje ville få konsekvensar for skatte- og avgiftspolitikken, fortel Lars Eirik Nielsen.

Arbeidsgjevaravgifta

EØS-avtalen vart som kjent vedteken, og stålverket fekk svi for dette på slutten av nittitalet. Og neisida fekk rett: ESA meinte den differensierte arbeidsgjevaravgifta var i strid med statsstøttereglane i EØS-avtalen. Først vart den låge arbeidsgjevaravgifta fjerna for delar av verftssektoren og produsentar av visse stålprodukt. Dette råka spesielt verksemder som har konkurrentar i andre EU/EØS-land. Dåverande Fundia tapte 14 millionar årleg på den auka arbeidsgjevaravgifta.

– Den norske regjeringa var usamd i at ordninga skulle fjernast og ville kompensere for tapet. Kompensasjonen kom i form av infrastrukturtiltak som ikkje var målretta mot dei som fekk ekstrautgifter. Det var uråd å kompensere dei verksemdene som fekk ekstrautgifter, fordi målretta kompensasjon også ville også vere ulovleg statsstøtte, fortel Nielsen.

– Den differensierte arbeidsgjevaravgifta vart gjeninnført i fjor, men ikkje for oss. Vår verksemd har også no 14,1 prosent arbeidsgjevaravgift. Naboverksemda har ni prosent lågare arbeidsgjevaravgift. Arbeidsgjevaravgifta fører til auka trykk for å redusere lønskostnadane. Det betyr langt færre arbeidsplassar og dårleg lønsutvikling.

Manglar kraftavtale

Norsk Jernverk starta produksjonen i 1955 med ei svært god kraftkontrakt. I 2005 gjekk den langsiktige kraftavtalen ut, og det var ikkje på plass noko nytt system.

– Celsa Armeringsstål må difor kjøpe kraft på kommersielle vilkår. Utløpet av kraftavtalen slo hardt ut og vi fekk ei resultatforverring på 60-70 millionar kroner. Også her grip EØS-avtalen inn på heilt grunnleggjande forhold i samfunnet, seier Nielsen.

– Verksemda har overlevd mot alle odds fordi det no er høgkonjunktur og gode prisar. Det løner seg å produsere stål trass i høge kraftprisar. Men ferrosilisiumverk som mellom andre Meråker, Fesil eller Fiskå har opplevd nedlegging eller driftsinnskrenkingar, fortel klubbleiaren.

– Når høgkonjunkturen i marknaden er over fryktar eg eit ras av nedleggingar. Store konsern som Hydro investerer heller i andre land enn i Noreg.

– Politikarane ønskjer eit nytt industrikraftregime. Den førre regjeringa meinte det ikkje ville vere mogleg å gjeninnføre industrikraftregimet på grunn av EØS-avtalen. Dagens regjering seier det er mogleg, men dei har ikkje kome med noko framlegg enda. Vi ventar framleis på ei avklaring.

Ikkje EØS-vern

I tillegg til dei klare ulempene med EØS, meiner Nielsen at avtalen sviktar når det gjeld å sikre det mest grunnleggjande vernet mot handelssanksjonar frå EU. I 2002 var EU i handelskonflikt med USA om stål. USA starta konflikten og EU svarte med å innføre straffetoll mot alle land utanfor EU. Også Noreg som ikkje hadde noko med konflikten å gjere.

– Når vi fekk EØS-avtalen var det ein klar føresetnad at vi ville unngå den type sanksjonar. Så viste deg seg at det gjorde vi slett ikkje. Vi fekk straffetoll på norsk stål til EU, noko som råka eksporten til vår verksemd. Det skulle jo ikkje vere mogleg med slik straffetoll, slår Lars Nielsen fast.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook