Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Korleis stoppe TTIP og...
Rolv Rynning Hansen, Benedikte Pryneid Hansen og Ida Wangberg innleiidde om TTIP og TISA på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.
© Sindre Humberset

Rolv Rynning Hansen, Benedikte Pryneid Hansen og Ida Wangberg innleiidde om TTIP og TISA på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober. 

Korleis stoppe TTIP og TISA?

Nei til EUs rådsmøte 24. oktober inviterte til politisk verkstad for å stoppe TTIP og TISA. Ida Wangberg, Rolv Rynning Hansen og Benedikte Pryneid Hansen serverte oppskrifta.

– Vi har ein kjempejobb å gjere, sa Benedikte Pryneid Hansen.

– Nei til EU har ein viktig jobb å gjere fordi vi har erfaringar frå å vinne to folkerøystingar mot EU, sa ho.

– Det har teke lang tid å få driv i kampanjen, men eg opplever at det løsna i sommar. Det har kome til kampanjar på Facebook med mange tusen deltakarar.

–  Vi får ikkje så lett gjennomslag i riksmedia, men det er viktig å nytte moglegheitene for å kome på i lokalmedia. Stortingsrepresentantane, som til slutt skal ta avgjerda om dette, les lokalavisene frå heimfylket sitt, så vi kan påverke dei slik.

Presenterte ny TISA-rapport

Ida Wangberg frå Manifest Analyse innleidde om rapporten «Høyrepolitikk for all fremtid», som handlar om TISA-avtalen.

– TISA-framlegget stiller krav om at «unødvendige reguleringar» skal verte ulovleg, men kven er det som definerer kva som er unødvendig?

– Mange trur at «Frys» og «skralle» er omgrep som aktivistane har kome på, men dei står faktisk i avtaleframlegget. «Frys» betyr at ein ikkje kan ta tilbake til offentlig drift det som ein allereie har opna for konkurranse.

– «Skralle» betyr at om ein avregulerer vidare, så vil den avreguleringa verte bindande og det vil ikkje vere mogleg å reversere politikken.

– I TISA har det vore diskutert ei investor-stat tvisteløysingsmekanisme av den typen som det er i TTIP, men i framlegget slik det ser ut no, ligg ikkje det inne.

– I forhandlingane har Noreg bede om unntak frå sjukehustenester, sosiale tenester, jernbane med meir. Men disse krava kan regjeringa kome til å måtte gje frå seg i forhandlingane.

– Om TISA-avtalen blir innført har Noreg i opningstilbodet allereie forplikta seg til å avregulere høgre utdanning, private utdaningstenester og ei rekkje helsetenester som konsultasjonar innanfor gynekologi, nevrologi, psykiatri med fleire.

Fagforbundet mot TISA

Rolv Rynning Hansen frå Fagforbundet er uroa for TISA sine konsekvensar for offentleg sektor.

– Treng vi meir liberalisering? Fagforbundet sitt svar er eit klart nei! Vi vil ha ei anna retning og då er i alle fall TISA feil veg å gå, sa Hansen.

– Morten Høglund frå FRP gjev garantiar om at TISA ikkje skal vere grunnlag for konkurranseutsetting og privatisering. Men kan vi stole på det, når det dei sa om den mykje enklare EØS-avtalen ikkje stemde?

– TISA vil ikkje liberalisere offentlege tenester, seier tilhengarane. Men dei offentlege tenester som ein kan få unntak frå, er berre ein liten del av det offentleg sektor driv med i dag.

– I WTO listar ein opp dei områda ein vil liberalisere. Men i TISA er det omvendt. Der må ein liste opp det som ein ikkje vil ha konkurranseutsett. «List it or lose it», er prinsippet.

Fagforbundet engasjerer seg også i dei europeiske faglege samanslutningane.

– Vi har hatt bra gjennomslag i internasjonal fagrørsle, den europeiske ETUC-kongressen gjorde klare vedtak mot TTIP og TISA. Det har vi aldri klart å få gjennomslag for før.

– For to veker sidan erklærte Geneve seg som TISA-fri sone. Geneve er byen der TISA-forhandlingane foregår. Det kan vere eit eksempel for fleire andre.

TTIP: Gigantavtale mellom EU og USA  

Benedikte Pryneid Hansen, nestleiar i Nei til EU, innleidde om TTIP-avtalen.  

– TTIP er ein avtale mellom EU og USA og handlar om alle slags varer, ikkje berre tenester, som TISA.

– TTIP-avtalen vil omhandlar handel med genmodifiserte organismar og handel med mat. Det gjer at både landbruket og miljørørsla er oppteken av TTIP-avtalen.

– Avtalen skulle skape økonomisk vekst og nye arbeidsplassar. Det skulle vise seg å ikkje slå til. Berekningar viser at TTIP-avtalen snarare kan føre til tap av hundretusenvis av arbeidsplassar.

– Det er svært stor motstand mot TTIP i Europa. Det skuldast mellom anna handel med mat, som GMO og såkalla klorkylling. Til no har ein samla 3,2 millionar underskrifter mot TTIP i dei europeiske landa.   

Rolv Rynning Hansen, Benedikte Pryneid Hansen og Ida Wangberg innleiidde om TTIP og TISA på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.
© Sindre Humberset
Ida Wangberg innleidde om TISA på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.
© Sindre Humberset
Rolv Rynning Hansen innleidde om TISA på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.
© Sindre Humberset
Benedikte Pryneid Hansen innleidde om TTIP på Nei til EUs rådsmøte 24. oktober.
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook