Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Kriminelt udemokratisk
Jonas Sjöstedt

Svensk forfatter og tidligere EU-parlamentariker, Jonas Sjöstedt, på Nei til EUs landsmøte.

Kriminelt udemokratisk

- Tristessen kan vera kreativitetens mor. Vi tapte og som straff fekk eg 11 år i EU-parlamentet, fortalde den svenske krimforfattaren Jonas Sjöstedt.

Fredag kveld var det Bokbad på Nei til EU sitt landsmøte. Det ble invitert til samtale om Sjöstedt sin EU-kritiske krimtriologi. Sjöstedt fortalde korleis keisamda som tidlegare parlamentarikar på absurd vis hadde inspirert han.

- Fredag ettermiddag, når du klar for helg, kjem ein knusktørr italiensk byråkrat for å halde eit tre kvart langt føredrag om elektriske vindaugsheiser i bilar. Då tek fantasien til å gå, forsikra han.

Sjöstedt teikna elles eit lite oppløftande bilete av EU-parlamentet.

- Det hende vi skulle diskutere dokument som var hemmelege. Ein byråkrat kunne seie: " Dette kan du ikkje få sjå, det forstår du vel". Det var absurd, minnest den tidlegare EU-politikaren.

Sjöstedt hadde også fått sjå den svake demokratiske legitimiteten på nært hald.

- I EU-parlamentet kunne 150 delegatar gå til lunsj midt i ei røysting. Dette favoriserte ofte venstresida sidan høgresida gjerne var svoltnare, la han til.

Bøkene Sammanflöden, Sahara og Spanska brev inneheld, som krimbøker flest, blod, drap og høgt spel. Vi fekk veta kva som var oppdikta og kva som var realitet.

- Det mest spennande som skjer i EU-parlamentet er at nokon skjer seg på eit papir. Men framstillinga av EU-systemet er reell. Folk kunne sitje på dei opne komitemøta å legge fram forslag som fullt og heilt var skrivne av lobbyverksemder. Ei bra historie kunne ha hendt, forsikra Sjöstedt.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook