Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Kriminelt udemokratisk
Jonas Sjöstedt signerer bøker

EU-krim. Jonas Sjöstedt selde raskt ut dei medbrakte bøkene til ivrige landsmøtedeltakarar.

Kriminelt udemokratisk

Standpunkt 1-2011:

Bokbad på Nei til EUs landsmøte:

– Tristessen kan vera kreativitetens mor. Vi tapte og som straff fekk eg 11 år i EU-parlamentet, fortalde den svenske krimforfattaren og Riksdagsmedlemmen Jonas Sjöstedt.

Fredag kveld var det bokbad på Nei til EU sitt landsmøte. Sjöstedt fortalde korleis keisemda som tidlegare EU-parlamentarikar på absurd vis hadde inspirert han til å skriva krim.

– Fredag ettermiddag, når du klar for helg, kjem ein knusktørr italiensk byråkrat for å halde eit tre kvarter langt føredrag om elektriske vindaugsheisar i bilar. Då tek fantasien til å gå, forsikra han.

Frå 1995 til 2006 var Jonas Sjöstedt medlem av EU-parlamentet for Vänsterpartiet, og i 2010 vart han vald inn i den svenske Riksdagen.

Hemmeleghald i EU

Sjöstedt teikna eit lite oppløftande bilete av EU-parlamentet.

– Det hendte vi vart bedne om å diskutere dokument som var hemmelege, jamvel for oss. Ein byråkrat kunne seie til meg: ‘Dette kan du ikkje få sjå, det forstår du vel’. Det var absurd, minnest den tidlegare EU-politikaren.

– EU-parlamentet har fått meir makt, og det er noko eg ikkje er glad for. EU-parlamentet har ein overordna ideologi, som går ut på at det er viktig at parlamentet sjølv skal få meir makt. Og får dei det, så vil dei bruke makta til å ta til seg endå meir makt, seier han.

Sjöstedt har også fått sjå den svake demokratiske legitimiteten på nært hald.

– I EU-parlamentet kunne 150 delegatar gå til lunsj midt i ei røysting. Dette favoriserte ofte venstresida sidan høgresida gjerne var svoltnare, legg han til.

Bøkene Sammanflöden, Sahara og Spanska brev inneheld, som krimbøker flest, blod, drap og høgt spel. Vi fekk veta kva som var oppdikta og kva som var realitet.

– Det mest blodige som skjer i EU-parlamentet er at nokon skjer seg på eit papir. Men framstillinga av EU-systemet er reell. Ei bra historie skal kunne ha hendt, seier Sjöstedt.

Og sjølv om den verkelege dramatikken ikkje er valdeleg er det mykje som ikkje tåler dagens lys i EU-parlamentet.

– Folk kunne sitje på dei opne komitémøta og leggje fram forslag som fullt og heilt var skrivne av lobbyverksemder, forsikra Sjöstedt, og fortel om eit spesielt dramatisk døme:

– Kjemikalieindustrien lukkast gjennom effektiv lobbyisme å øydeleggje ti års iherdig arbeid for å få på plass eit godt kjemikaliedirektiv.

Røysterett i Europa

Sjöstedt vedgår at Sverige har fått ein viss innverknad i EU.

– Men om ein samanliknar det med den store omlegginga av det svenske samfunnet som EU-medlemskapen har ført til, er det marginalt. Mange av dei dramatiske endringane som EU tvingar oss til, ville vi aldri drøymt om å gjennomføre på eige initiativ, slår den tidlegare EU-parlamentarikaren fast.

– Når eit direktiv kjem frå EU, så kjem det på utsida av politikken. Det er noko vi gjere, og då nyttar det ikkje å protestere. Hadde eit politisk parti foreslått det same så ville det aldri gått gjennom, slår han fast.

– EØS-avtalen er dårleg, men de har høve til å seie nei til nytt regelverk frå EU. Det har vi ikkje i Sverige. Det at stadig fleire område vert drege unna den politiske arenaen er eit alvorleg tap for Sverige. Ingen innverknad i EU vil vege opp for dette tapet.

Bakgrunn

Bøkene

Bøkene til Jonas Sjöstedt er på svensk og kan kjøpast på nettbokhandlar.

Spanska Brev

Utgjeven september 2010. Den siste av tre kriminalromanar som delvis utspelar seg i EU-parlamentet. Der vert ein konservativ spanjol myrda på brutalt vis.

Sahara

Gjeven ut mars 2010. Ein kriminalroman og oppfølgjar til ‘Sammanflöden’ og har Marokkos okkupasjon av Vest-Sahara som bakteppe.

Sammanflöden

Gjeven ut i april 2009. Den unge svenske assistenten David Löf vert dregen inn i etterspelet etter drapet på ein tysk EU-parlamentarikar.

Masthugget Moskva Madrid

Gjeven ut i mars 2009. Intervjubok med Bengt og Greta Segerson, som handlar om livet deira og venstresidas historie.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook