Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Kritisk EU-debatt i Be...
EU-debatt i Berlin

– Jasida hevda at lyset ville gå i Nederland, at dei ville bli latterleggjorde i EU, og jamvel at resultatet ville bli borgarkrig i Europa om ikkje grunnlova kom på plass, fortel Harry van Bommel (til venstre) frå det nederlandske sosialistpartiet. Saman med Eileen Duclos frå PRS i Frankrike og Thomas Rupp frå EUDemocrats delte han opplevingane sine frå nei-kampanjane i Frankrike og Nederland. Foto: Sindre Humberset

Kritisk EU-debatt i Berlin

Parallelt med EU-toppane sine forsøk på å omgå motstanden mot EU-grunnlova, samla EU-kritikarar frå heile Europa seg til ein konferanse der tema var eit demokratisk Europa, med eller utan EU.

I Berlin: Sindre Humberset og Maria Walberg

Konferansen ”Europe – not without the People!” 23.-25. mars er første gang EU-kritikarane har vore samla så breitt på tvers av dei tradisjonelle skiljelinene. Her var nederlandske sosialistar, britiske konservative, tyske Attac og EU-motstandarar frå dei nordiske landa.

Motstandarar og føderalistar

Konferansedeltakarane var samde om at EU er udemokratisk og dei deler kritikken av unionen som driv fram tettare integrering utan folkeleg deltaking. Sjølv om dei var samde om kritikken av dagens EU, var det mange meiningar om kva som er det endelege målet. Paneldeltakarane spente frå EU-motstandarar av den nordiske typen til føderalistar som ønskjer ein europeisk overstat, men demokratisk i motsetnad til EU. I mellom desse ytterpunkta er det også mange synspunkt. Både dei som ønskjer eit ”demokratisk Europa” og dei som ønskjer eit ”Europa av demokratiske statar” møtte altså til felles debatt.

Thomas Rupp er ein av arrangørane av konferansen og arbeider for EU-parlamentsgruppa EUDemocrats, som er ein allianse av senter-venstre til senter-høgre-parti som er EU-kritiske. Han har også vore sentral i No Campaign som var basert i London og koordinerte kampanjane mot EU-grunnlova i fleire EU-land.

– Det er absolutt verd å engasjere seg i dette arbeidet. Vi er ikkje mot EU, men vi meiner EU må endre seg fundamentalt for å verte demokratisk. Alternativet er at EU går til grunne, og ingen ønskjer det.

Vinnarlaget frå 2005

Deltakarane frå Frankrike og Nederland var sentrale i kampanjane som førte fram til nei i folkerøystingane om EU-grunnlova. No krev dei at EU tek konsekvensen av at folket avviste grunnlova.

Harry van Bommel er parlamentsmedlem for det nederlandske sosialistpartiet, som er sterkt kritiske til tettare EU-integrasjon.

– Denne helga skal EU-leiarane feire sine sigrar og kor langt integreringa av EU har kome. Alle har krav på sine gode stunder. Men eg er glad denne konferansen vert halden og at vi får eit meir realistisk bilete av tilstanden i det europeiske samarbeidet, seier van Bommel.

Harry van Bommel slår fast at avvisinga av EU-grunnlova var ein protest mot eit EU som har eigen pengeeining, eigen hær, eigen utanrikspolitikk og fører ein liberalistisk økonomisk politikk. Dette kjem også fram i den nederlandske regjeringa sine eigne undersøkingar.

– Regjeringa sine konklusjonar var at EU er for sterkt integrert, at integreringa går for fort fram og at EU kostar for mykje, seier han.

Nederlendarane er positive til europeisk samarbeid, men EU går for langt på mange måtar.

– Det er ei brei oppfatting at integrasjonen har gått for fort. Euroen vart innført mot viljen til folket. Men no er det nok. Det vil ikkje verte fleire røystingar om den avviste grunnlova. Motstanden mot grunnlova har berre auka etter folkerøystinga. Meir enn 75 prosent er no mot EU-grunnlova, seier Harry van Bommel.

Sosialt nei i Frankrike

Eileen Duclos og Raquel Garrido deltok for den franske venstresideorganisasjonen Pour la République Sociale (PRS) som var sentral i den franske nei-kampanjen. Dei er mot EU-grunnlova, men ikkje EU-motstandarar.

– Den fransk motstanden mot EU-grunnlova var ikkje anti-europeisk. Veljarane avviste den liberalistiske økonomiske innretninga av teksten og den udemokratiske måten grunnlovsteksten var komen til på. Folk var ikkje interessert i å støtte eit prosjekt som ikkje hadde inkludert dei så langt, seier Eileen Duclos.

Raquel Garrido er oppteken av at EU skulle vere eit fredsprosjekt, men har vorte eit prosjekt for auka økonomisk konkurranse.

– Det vi har fått er ein krig mot kvarandre. Det fører til hat. Det er alltid gode grunnar til framandfrykt i tider med dårlege økonomiske tilhøve. Når du seier til tyske arbeidarar at dei må jobbe fire timar meir for dag for same løn eller så flyttar vi jobben til Slovakia, skapar det hat, seier ho.

– Hovudgrunnen til at vi vann i Frankrike var at vi fekk opp veljardeltakinga. Vi hadde 70 prosent deltaking og det brukar vi ikkje å ha i EU-val. Og grunnen til at folk ville røyste var at dei forstod at mykje var på spel.

Konservativ motstand

Frå den andre sida av spekteret stilte den britiske parlamentsmedlemen David Heathcoat-Amory. Han er frå det konservative Tory-partiet, og deltok i EUs grunnlovskonvent som ein av dei få som ikkje tok det for gitt at resultatet skulle bli ei grunnlov for eit føderalt EU.

– Utgangspunktet for konventet var at EU måtte verte enklare, meir demokratisk og nærare folket. Det gjekk gale frå starten. Det vart ikkje stilt spørsmål om ein kunne ha ei grunnlov for eit heilt kontinent. Det var ikkje noko krav om at konventet måtte lage ei grunnlov. Reform, forenkling og nærare folket var krava. Og så vart spørsmålet stilt om makt burde førast tilbake til medlemslanda. Men resultatet vart at inga makt vart ført tilbake til medlemslanda. Det var føreseieleg, slår Heathcoat-Amory fast .

– Dette er politikarar som snakkar med andre politikarar. Og dei har aldri spurt folket. Dei må ikkje få vekkje oppatt dette liket av ei grunnlov. Det ville stadfeste all frykt og mistanke hjå folket. Dette er ei elite som berre ser til seg sjølv for svar. Det er ein definisjon på ikkje-demokrati, seier han.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook