Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Landbruks- og bygdeorg...
Brita Skallerud frå Bondelaget helsar landsmøtet
© Eivind Formoe

Brita Skallerud frå Bondelaget. 

Landbruks- og bygdeorganisasjonane helsar Nei til EU

Brita Skallerud frå Bondelaget, Terje Nystadbakk frå Småbrukarlaget og Marna Ramsøy frå Bygdekvinnelaget helsa landsmøtet i Nei til EU.

Helsing frå Bondelaget: - Vi vil at Nei til EU skal vere ei grasrotsrørsle.

– Nei til EU er ein viktig samarbeidspartner for landbruket. Landbruket er inne i ein krevjande situasjon, sa Brita Skallerud til landsmøtet.

– Landbruket står for 145 milliardar i verdiskaping og 100 000 arbeidsplassar i Noreg. Kvar tiande bedrift i Noreg er ei landbruksbedrift, så det er viktig at vi har eit godt samarbeid med fagrørsla og miljørørsla.

– Vi ønskjer at Nei til EU framleis skal vere ei grasrotsrørsle. Det er viktig å bygge opp ein teneleg og viktig organisasjon. Vi må rekruttere inn fleire ungdom i neirørsla. Vi skal ha eit grønt skift ei Noreg, og her må Nei til EU kome på banen.

I februar skal Nei til EU flytte kontor og blir naboar med Bondelaget.

– Bondelaget vil også ønskje Nei til EU velkomne til Schweigaardsgate der også Bondelaget held til. Lukke til med jobben de skal gjere!

Helsing frå Bygdekvinnelaget: – Vi har mange felles mål

Leiar Marna Ramsøy helsa Nei til EU-landsmøtet frå Norsk Bygdekvinnelag.

– Dette er mitt første landsmøte i Nei til EU. Det eg ser er ein brei organsiasjon som er opptekne av likestilling og inkludering.

– De peiker på viktigheita av samspel med Europa og resten av verda. Det som er viktig no er å få til eit fungerande asylsystem i den krisa vi ser.

– Både Nei til EU og Bygdekvinnelaget er opptekne av norsk landbruk og fiske som gjev oss god og sunn mat produsert på ein berekraftig måte.

– Vi er begge opptekne av demokrati og folkestyre og sosial rettferd.

– Bygdekvinnelaget har ikkje teke stililng tl EU, men vi har mange felles mål som vi arbeider med lag. Eg ønskjer lukke til med arbeidet vidare på landsmøtet.

Helsing frå Småbrukarlaget: Nei til EU ser samanhengen mellom sjølvråderett og kontroll over matforsyning

Terje Nystadbakk helsa landsmøtet frå Småbrukarlaget.

– Eg skal overbringe helsing frå småbrukarlaget. Samanhengen mellom sjølvråderett og kontroll over eigen matforsyning er godt kjend i Nei til EU, sa han.

– Småbrukarlaget har lite ressursar å bruke på utanrikspolitikk. Men vi er fullstendig klar over at det er lite som går så dårleg saman med matproduksjon som nulltoll og fullstendig frihandel. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook