Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Lanserte kampanje for...

Om Nei til EU

Ditt fylke

© Eivind Formoe

Trond Giske, Heming Olaussen og Sveinung Rotevatn debatterte under lanseringa av kampanjen 10. februar. 

Lanserte kampanje for å feire 1814 og 1994

– Eg burde eigentleg åtvara mot at Nei til EU har ein sånn kampanje, sa Sveinung Rotevatn på Nei til EUs kampanjelansering på Stopp Pressen måndags føremiddag.

– Grunnlova er det mest samlande i norsk politikk og EU-røystinga det mest splittande. Men eg tykkjer også det er bra at Nei til EU tek dette som kampanje. Det er eit paradoks at vi 200 år etter Grunnlova at Europa går til val der vi ikkje er med, men der dei har ein solid finger med i spelet om vår politikk.

På lanseringa av kampanjen «1814 og 19914: Folkestyre og nasjonalt sjølvstyre» presenterte Nei til EU sin kampanje.

– Vi vil reise ein debatt om folkestyret og EØS fortalde Heming Olaussen, og presenterte planane for kampanjeåret. 

– Vi skal ha seminar og debattar og ein jubileumstafett. 28. november innbyr vi til festhelg i Oslo. 

– I eitt år der vi skal feira Grunnlova meiner eg at dette er eit viktig spørsmål å diskutera: Er vi fornøgde med det vi har vald? I eit år der vi skal feira grynnlova er dette det viktigaste spørsmålet å diskutera er vi nøgd med det vi har vald? Trekke oss ut? Gå inn med full styrke?

– Eg er den sterkast EØS-tilhengjaren i Noreg, fortalde Trond Giske. 

– Eg meiner at EØS er eit godt kompromiss, det gjev oss full integrasjon i marknaden og det gjev oss det beste av EU-samarbeidet, der vi samarbeider med EU der vi må.

– Men eg meiner det går an å feira at vi sa nei til EU og vera for EØS i Grunnlovsåret.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook