Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Lite konkurransekraft...
Kate Hansen Bundt

Kate Hansen Bundt på Nei til EUs landsmøte.

Lite konkurransekraft i euroen

-Hadde det vore folkerøysting om euroen i Tyskland, hadde prosjektet aldri vorte noko av, sa Kate Bundt, forskar og generalsekretær for Atlanterhavskomiteen.

Forsamlinga fekk lita tid til å mimre. For euroen er i høgste grad ein realitet, og Bundt snakka om ein økonomi i finanskrise, gjeldskrise og arbeidsløysekrise. EU slit med særskilde utfordringar. Turistøkonomiar i sør, lågkostland i aust, tenesteøkonomiar i vest og eit sterkt eksportorientert Tyskland i midten. Demografiske utfordringar og globalisering kjem på toppen av dette.

- Målet med Lisboaprosessane var å gjera EU til verdas mest konkurransedyktige økonomi innan 2010. Vel, no er vi i 2010. Det ser ikkje slik ut, konkluderte Kate Bundt.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook